Advertisement
Alle liv rommar ei forteljing, også dei lavmælte og stillfarne. Å fortelje er å hugse, å hugse er å halde levande. Men kva med alt vi ikkje hugsar, alt vi ikkje veit? Eitt år hende det at Kjersti Annesdatter Skomsvold vart liggande vaken om nettene. I den ein handa heldt ho toåringen sin i den vesle neven. Den andre handa grip oldemor Elise tak i. Så byrjar forfattaren å dikte fram si eiga oldemor, fødd i 1880. Dei som framleis kan hugse fortel at oldemora var ei sint og bitter kvinne, men ein gong må ho vel ha elska livet?
Ein dag hende det at Gaute Heivoll fekk tilsendt eit dikt, over hundre år gammalt. Frå linjene steig ein skikkelse fram for forfattaren, med same etternamn som han sjølv. Ein enkel mann, ugift og aleine, men eit bortgøymt liv kan vel romme ei stor forteljing?
Med romanane «Elises bok» og «Himmelens krystall» som utgangspunkt møtes Kjersti Annesdatter Skomsvoll og Gaute Heivoll til ein samtale om å halde minne og menneske levande og kunne møte kvarandre på nytt i skjønnlitterære forteljingar. Diktinga gjev rom for større forståing og form for tidlaus omsorg, både for dei som er ute av tida og for oss som har tida vår her, no.
Velkommen til teaterkafe i Røyst!
Arrangementet er i samarbeid med Rom for ord, og er gratis.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Storehagen 10, 6800 Førde, Norway, Storehagen 8, 6800 Førde, Norge, Førde, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








