Advertisement
Opplev vakre sherpatrapper og stølskultur i Yksendalen. Gradering / vanskelegheitsgrad:
Middels (blå): 600 høgdemeter, 6 kilometer, 5 timar.
Turomtale:
Turen går langs ein gammal stølssti som er nyrestaurert med m.a. Yksendalstrappene som er bygd av sherpaer frå Nepal. Stien ligg som eit fint smykke i det bratte terrenget. Turen til Yksendalsstølen er blåmerka, og turen vidare til Nesheimsnipa er raudmerka.
Turen startar på 460 moh ved gardstunet i Yksendalen og går til Yksendalsstølen på 670 moh., cirka 2,5 kilometer ein veg. Dette er ein fin tur på ein god time. Fyste del opp til Kvile er bratt, men har god sti/trapper med «kvilebenker» undervegs. Vidare flatar det ut inn mot stølen. På strekninga opp til stølen er det sett opp gode informasjonsskilt som fortel om historia til garden Yksendal.
På stølen er det ope toalett for alle, og eit fint område å ta ein pust i bakken. Alle dei tre vatna du går forbi på veg til stølen er regulerte. Yksendalen hadde nemleg sitt eige kraftverk som vart bygd i 1942, og var i drift til 1977. Garden var i den tida sjølvforsynt med straum.
Turen vidare mot Nesheimsnipa går på sti/trapper, cirka 3 kilometer ein veg. På toppen av Nesheimsnipa (1035 moh.) ventar det flott utsikt utover fjella i Eksingedalen.
Meir info og påmelding:
https://aktiviteter.dnt.no/register/sundagsturyksendalstolenognesheimsnipa_27022026061732
Advertisement
Event Venue
Holdbergsplassen, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.



