Advertisement
30. oktober til 1. november inviterer vi til ei heilt spesiell jubileumshelg i fjellheimen 💛For tiande gong samlar me strikkeentusiastar, kreative sjeler og nysgjerrige nybegynnarar til ei helg fylt med inspirasjon, læring og ekte strikkeglede.
I år set me fokus på slow fashion, og får besøk av Tuva Sandok som deler si personlege strikkereise, frå dei første maskene til ei stor lidenskap. Ho gir også innsikt i kvifor stadig fleire unge finn vegen til garn og pinnar.
Det blir jubileumsstemning med mannekengoppvisning der vi både ser årets trendar og mimrar tilbake til strikkeglede heilt sidan 2017, leia av den sprudlande konferansieren Astrid Norekvål Tillung. I tillegg fyller me Myrkdalen med utstillarar og kvalitetsgarn!
Fredagskvelden rundar me av med konsert og god stemning, og gjennom heile helga kan du nyte strikking, skravling, byttemarknad og kanskje litt velfortent massasje for slitne strikkemusklar.
Ta med deg eit prosjekt, eller bli inspirert til å starte på noko nytt. Dette er helga for fellesskap, kreativitet og nye strikkevennskap 🧵
👉 Les meir og se fullt program her.
https://www.norwaysbest.com/no/myrkdalen/arrangement/strikkehelg
Advertisement
Event Venue
Myrkdalen, Torggata 19A, 5713 Vossestrand, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.
