Sommerkonsert i Bekkjarvik 17. juli 2026

Fri, 17 Jul, 2026 at 06:00 pm UTC+02:00

Bekkjarvik 61, 5397 Bekkjarvik, Norway | Bergen

Bekkjarvik Experience
Publisher/HostBekkjarvik Experience
Sommerkonsert i Bekkjarvik 17. juli 2026
Advertisement
Velkomen til Sommerkonsert i Bekkjarvik 17. juli 2026!
Vi kan stolt presentere Eva Weel Skram og Daniel Kvammen som årets headlinarar.
Oppvarmingsband under årets Sommerkonsert er den legendariske Bjørn Berge og Taus med sitt energiske vossapop.
________________________________________
🎸 BJØRN BERGE
Fyrst ut på scena i sommarkvelden for å skape magi er BJØRN BERGE.
Repertoaret hans spenner frå eigne kraftfulle låtar til knallsterke coverversjonar – som, takka vere Berges rå stemme og ekstremt dynamiske gitarteknikk, er langt meir enn berre vanlege tolkingar av gamle hits.
________________________________________
🎤 TAUS
Etter Bjørn Berge entrer TAUS scena. Taus har teke musikknorge med storm det siste året.
Bak artistnamnet står 24 år gamle Oda Eirin Almeland.
Ho har gjeve ut tre singlar det siste året – alle vart A-lista på NRK P1. Våren 2025 vart «Angra ingenting» òg den mest spelte låten på norsk radio.
Ho har vunne prisar som Vestlandsatsinga 2025, Vill Vest-storstipend, og har opptrådd på By:Larm 2025.
BT si vurdering: «Ho eig scena frå det augeblikket ho inntar han.»
________________________________________
🎶 DANIEL KVAMMEN
Fyrste headliner for kvelden er DANIEL KVAMMEN.
Han har sidan debuten i 2015 etablert seg som ein av dei mest markante stemmene i norsk pop.
Med over 45 millionar strøymingar, Spellemannspris og ei rekkje singlar har han gjort seg kjend for sitt sterkt personlege uttrykk – reindyrka pop på hallingdialekt.
Frå gjennombrotet «Du fortenar ein som meg» til det kritikarroste albumet Gutta som gret, har Kvammen levert låtar som både rører og engasjerer.
________________________________________
💛 EVA WEEL SKRAM
Kveldens siste artist blir vår folkekjære EVA WEEL SKRAM.
I fjor gav Eva ut sitt nyaste album Vendepunkt, til flotte vurderingar, og tittelsporet låg spikra på spillelistene til NRK P1 i månadsvis.
Eva Weel Skram har alltid vore svært personleg i tekstene sine – og det er ho heldigvis framleis.
Med låtar som «Om du vil», «Selmas sang», «La meg vere» og «Vendepunkt» er Eva Weel Skram utan tvil ein av dei mest folkekjære artistane vi har her til lands.
Skram har gjeve ut tre album med norske tekster: Finne heim (2018), Sleppe tak (2021) og Vendepunkt (2024), som alle har høsta strålande kritikkar og blitt omtalt som både «brutalt ærlege» og musikalsk modne.
Skrams varemerke er fengande melodiar med sterke norske tekster om tema som ligg hjarta hennar nært – noko som har vist seg å verke både trøystande og inspirerande for hennar stadig veksande publikum.
________________________________________
🎉 Sommerfesten held fram!
Når siste tone har lagt seg over hamna, er ikkje kvelden over – han er berre i gang!
Etter konserten held stemninga fram i Paviljongen på Bekkjarvik Gjestgiveri, der DJ-en skrur opp energien og sørgjer for sommarens beste dansegolv.
Bli med på ein uforgløymeleg avslutning på kvelden – slik vi berre gjer det i Bekkjarvik!
________________________________________
GENERELL INFORMASJON
• Området opnar kl. 18:00
• Fyrste artist på scena ca. 18:15
• Konsertslutt ca. 22:00
🎟️ Billetter: https://bex.easyticket.no/
• Til og med 20.juni: 750 kr + billettavgift
• 21.Juni –15. juli: 800 kr + billettavgift
• Fra 16. juli: 850 kr
Billetter vert ikkje refundert.
________________________________________
For konsertgjestar som ønskjer bordreservasjon eller overnatting, ta kontakt på e-post eller direkte med Bekkjarvik Gjestgiveri:
• Bordreservasjon: [email protected]
• Overnatting: [email protected]
• Telefon: 55 08 42 40
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Bekkjarvik 61, 5397 Bekkjarvik, Norway, Bekkjarvik 61, 5397 Bekkjarvik, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Art in Bergen

Ask AI if this event suits you:

More Events in Bergen

Bergen Embrace 2026 El tren de las ocho
Thu, 23 Jul at 08:00 pm Bergen Embrace 2026 El tren de las ocho

Grand Hotel Terminus Bergen

Palepop 2026
Fri, 24 Jul at 03:00 pm Palepop 2026

Stangelandsvegen 3, Austevoll

Mega wspania\u0142y lot na Beyond the Gates 2026
Mon, 27 Jul at 01:00 pm Mega wspaniały lot na Beyond the Gates 2026

Grieghallen

Beyond the Gates 2026 - Chapter XIV
Wed, 29 Jul at 02:00 pm Beyond the Gates 2026 - Chapter XIV

Bergen, Norway

\u00d8yafest 2026
Thu, 30 Jul at 12:00 pm Øyafest 2026

Øyafest

Power Awakening & Power Circling (A K\u00d6R) - Self-development group for men and women
Fri, 31 Jul at 12:30 pm Power Awakening & Power Circling (A KÖR) - Self-development group for men and women

Øvregaten 25, 5003 Bergen, Norge

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events