Advertisement
Ta turen til Nynorskens hus sundag 31. mai, så skal vi syngje deg trygt inn i sommaren! «Sommarstemning med Kor Kanel» byr på eit variert repertoar med alt frå 90-talsbangers av Robbie Williams og Britney Spears, til folkesongar, til Disney-hits – og mykje meir! Akkompagnert av piano og ei god mengd a cappella vert dette ei frisk, ekte og jovial koroppleving for ein skikkeleg sommar-kickoff!
Dirigent Renate Ørnes Eide er klar, koret er heiltent, og bak klaveret finn du Geirmund Simonsen. Ta med deg ein du er glad i – eller fem. Vel møtt!
Dørene opnar kl. 18.30. Konsertstart er kl. 19.00.
Billettar:
Vipps til #964679
Pris: 200 kr (100 kr for dei under 18 år).
Det er òg mogleg å kjøpe billettar i døra, og tradisjonen tru vert det kakesal! 🍰🥐
Kor Kanel er eit blandakor med musikkglede og god stemning i fokus. Vi har halde det gåande sidan 2011, og har i dag rundt 45 medlemer. Repertoaret til koret spenner frå kjende poplåtar til gamle viser.
Advertisement
Event Venue
Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










