Advertisement
Når minnet til våre nære blir svekkaSidan 2009 har Margrethe Henden Aaraas vore tett på demenssjukdom – først som pårørande til far sin, og seinare mor si, begge med Alzheimer-diagnose. Erfaringane har prega både livet hennar og arbeidet hennar, og i september deler ho historia si i eit foredrag på Senioruniversitetet.
– Det har til tider vore krevjande å stå i pårøranderolla. Samstundes har eg lært mykje om kva som kan gjere kvardagen betre, både for den som er sjuk og for dei rundt, seier Aaraas.
I nesten ti år var ho dagleg leiar for eit dagsenter for personar med demens på Aaraas gard i Nittedal – eit tilbod ho starta etter inspirasjon frå eiga familiehistorie. Ho har òg gjennomført fleire kurs og er sertifisert Inn på tunet-bonde.
I foredraget vil Aaraas dele innsikt og opplevingar frå mange år tett på menneske med demensdiagnosar, ikkje minst frå tida med sine eigne foreldre.
– Eg har etter kvart blitt ganske god til å glede meg over dei fine augneblinka, sjølv når kvardagen er krevjande, seier den tidlegare NRK-journalisten, kulturarbeidaren og forfattaren frå Gloppen.– Dersom mi historie kan gi trøyst og oppmuntring til andre i liknande situasjonar, vil det glede meg.
Advertisement
Event Venue
Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway, Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norge, Stryn, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.




