Advertisement
Sigrid Moldestad kjem heim! Det blir skikkelig heimebane når Sigrid tek med seg bandet sitt til Sandane i september.
Ho gav ut albumet "Vegane vi vandrar " i mars, og fekk svært gode anmeldelser for den.
Forankra i folkemusikken, med naturen og bygda ho kjem frå som bakteppe. Albumet "Vegane vi vandrar" er ein rik og fargesterk vev av historier og melodiar. Mangfaldig og sjangerleikande, men tett halden saman av eit bandkollektiv som aldri har kjendest meir samstemt og meddiktande enn på denne plata. Alle lyttande og leikande, med Sigrid si stemme, fele og formidling som naturleg midtpunkt. Plata krinsar rundt sirklar og hjul – årshjulet og livshjulet – der alt er i rørsle, men samstundes vender tilbake. Tida som går, og livet med alt det vakraste og det mest smertefulle.
På konserten får publikum fleire av dei nye songane saman med høgdepunkt frå heile karrieren.
Sigrid Moldestad band er:
Anders Bitustøyl - bass
Jørgen Sandvig - gitarer
Einar Sogstad - tangenter
Kåre Opheim - trommer
Roald Kaldestad - gitarer
Advertisement
Event Venue
Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway, Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norge, Stryn, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.




