Advertisement
Ofte var det mange tilskodarar og tilskodarskip på rostemna. Difor skal Stord ta turen frå Vågen i Bergen til Hjellestad for å vera tilskodarbåt under rostemnet. Undervegs får du høyra drypp frå rosporten si soge og kanskje kjem det ombord roande strilar i leia undervegs. Rostemnet er eit samarbeid mellom Hjellestad Båtlag og D/S Stord I.D/S Stord I
«Dampskipet «Stord I» ble bygget for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap ved Laxevaag
Maskin & Jernskipsbyggeri i 1913, og skipet gikk i rute for rederiet fram til 1969.
Skipet ble restaurert som veteranskip mellom 1981 og 2013. Sjøfartsdirektoratet tildelte i 2013
passasjersertifikat for 99 passasjerer. Som den gang den var i ordinær drift, har skipet mange
salonger og god plass på mange dekk. På turen kan hele skipet oppleves. Passasjerene kan se innom
styrehuset, maskinrommet, byssen m.m.
Byssa til D/S Stord I serverer både mat og drikke. Utvalget består av mellom annet av betasuppe,
svele og vafler og godt utvalg av drikke som kaffe, te, brus, mineralvann, øl og vin.»
Orienter deg om D/S Stord I :
Nettsiden: www.stord1.no
Facebook: https://www.facebook.com/STORD1
Instagram: https://www.instagram.com/stord_1
Kapproing med færingar var lenge ein stor idrett på Vestlandet. Det vart halde rostemner på 17. mai i Bergen og mange stader kringom som på Askvik, Fanahammaren, Mathopen, Alvøen, Askøy, Sandviken, Damsgårdsundet og Storelungeren. Ein av desse stadane var Hjellestad sør for Flesland. Her vart det også danna roklubb i 1924. Hundre år seinare vart klubben gjenoppliva og det vart halde rostemne både i 2024 og 2025. 1. august 2026 er det klart for nytt rostemne på Hjellestad med færingar og seksæringar som tevlar om å kryssa mållinja fyrst.
Under vegs ligg robåt ved Flesland lykt og markerer med årelomen på tilja og årebladet loddrett opp i været det gamle signalet for at dampen skal slakka på og stogga: "Stopper for baad"
Det kunne vera mange tilskodarar når det var rostemne ute på bygdene. Frå Fanahammaren inst i Fanafjorden er det fortalt om rostemne med over 1000 tilskodarar på denne tida. Båtane dei rodde var spesialbygde kapproingsbåtar som kunne oppnå god fart, både 7, 8 og 9 knop. Det er fortalt om at spreke karar kunne kappro med både snekker og dampbåt og likevel siga i frå.
Det skal skapast liv og røre på Hjellestad 1. august 2026. Grendelag og organisasjonar deltar i arrangementet som - har rot i tradisjonar for 100 år siden - mellom annet: Rostevne 1925-2025.
Advertisement
Event Venue
Shetlands-Larsens Brygge, Bergen, Norge, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











