Advertisement
PUBKORET SKAL UT PÅ NORGESTURNÉ!Likar du å syngje? Er du glad i ein fest? No dreg Pubkoret ut på turné, og du kan vere med!
Pubkor er ein kveld der vener, kollegaer, naboar, familie og totalt framande samlast for å lage eit kor saman – berre for éin kveld. Ingen forpliktingar, ingen opptaksprøve, berre herleg song! Kvar gong koret samlast, lærer vi ein ny song, så kvar kveld er unik. Du treng inga forkunnskap om korsong, men det er supert om du likar å syngje (til dømes i bilen, i dusjen eller på fest).
Alle stemmer er velkomne, uansett nivå, bakgrunn, ferdigheiter eller talent!
Pubkoret blir leia av dirigent Vetle Gjevestad Agledahl. Vetle står bak dei største Pubkor-arrangementa i Noreg, og fylte i august Bislett stadion med heile 2500 songglade menneske til det som blei europeisk rekord i Pubkor.
Velkomen til ein helaftan med gøyal stemning, låge skuldrer og song du garantert får på hjernen. Ta med deg gjengen – eller kom aleine – og bli med på ei av vårens aller hyggelegaste samlingar!
Arrangementet har 18 årsgrense grunna open bar.
Advertisement
Event Venue
SKAKKE - senter for skule, idrett og kultur, Skakke - Senter For Skule, Idrett og Kultur, Stadionvegen, 5590 Etne, Norge, Ølen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








