Advertisement
🌿 Ombruksdag ved SJH 🌿Velkomen til ein inspirerande og miljøvennleg dag laurdag 25. april kl. 11:00–15:00! ♻️
Bli med på ein sosial og berekraftig møteplass der du kan fornye, reparere og bytte – heilt gratis!
Dette skjer:
🚲 Sykkelreparasjon
🌱 Frø- og plantebyte
👕 Klebyte
🎃 Utlysing av graskarkonkurranse
🍄 Stand med Sopp- og nyttevekstforeininga, Kvann og fleire
☕ Sal av vaflar og drikke!
🚲 Sykkelreparasjon:
“Treng sykkelen din litt omsorg etter ein lang vinter? Få hjelp hos sykkelreparatør til reparasjon og vedlikehald. Hjelpa er gratis, men eventuelt utstyr (sykkelslange, bremseklossar) må du anten ta med sjølv eller kjøpe. Reparatør har med seg eit avgrensa utval utstyr som kan kjøpast på staden. Det er ikkje høve for å utføre større reparasjon/vedlikehald, men du kan få ein diagnose hos reparatøren. Møt våren med knirkefri sykkel!”🚴
👕 Klebyte – slik fungerer det:
Forny garderoben din på ein miljøsmart måte!
Ta med maks 7 reine plagg i god stand. For kvart plagg du leverer, får du ein byttelapp som du kan bruke til å velje deg eit nytt plagg.
👉 Innlevering av kle:
• Kvelden før (fredag) kl. 19:00–20:00, eller
• Laurdag kl. 10:00–13:00
🌱 Frø- og plantebyte:
Har du sådd litt for mykje? Frø til overs? Hagen eller stoveglaset fullt av prikk like plantar?
Ta med så mange småplantar, stiklingar eller frøposar du vil. For kvar plante/frøpose får du ein byttelapp som du kan bruke til å velje andre plantar/frø. Dette er ein fin måte å dele planteglede på og møte andre hageinteresserte 🌼
👉 Innlevering av plantar/frø:
• Laurdag kl. 10:00–13:00
Vi får også besøk av Benedicte frå Kvann som kan lære deg å pode storhassel eller koreafuru. Kanskje du kan hauste eigne pinjekjernar etter kvart?
Ta med venner, naboar og godt humør – dette blir ein kjekk dag for både store og små 💚
Advertisement
Event Venue
Skulevegen 24, 5745 Aurland, Skulevegen 24, 5745 Aurlandsvangen, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











