Advertisement
Etter ein dag med badstoveglede startar me kvelden med ei stemningsfull minikonsert der Gard og Helle – hjarta i Brødrene Bliss – deler sine ekte, lune og følsame låtar. Dei skaper ei varm ramme rundt eit inkluderande fellesskap der alle kan finne roen og vere seg sjølve.
Venskapet deira byrja på Voss, der dei kjende seg som sysken frå første stund. Den nære tonen og det mjuke uttrykket tek dei med seg til Brakanes, og resultatet er ei ærleg musikkoppleving som blir verande i kroppen lenge. Nett som eitt godt bad.
Når konserten rundast av, held kvelden fram på Elvatun – med knalltøffe konsertar med 101Guitarras, Undergrünnen, Kor So helst og basar.
Advertisement
Event Venue
Brakanes Hotel, Promenaden 3, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











