ODD NORDSTOGA med band // tba - Kvemmadokkje 2026

Sat Jul 11 2026 at 06:00 pm to 10:30 pm UTC+02:00

Byrsevegen 100, 5730 Ulvik i Hardanger, Norway | Voss

Kvemmadokkje Husmannsplass
Publisher/HostKvemmadokkje Husmannsplass
ODD NORDSTOGA med band \/\/ tba - Kvemmadokkje 2026
Advertisement
Kvemmadokkje Husmannsplass feirar 20 år som kulturarrangør - og i samarbeid med Voss Sparebank er det ei stor glede å få presentera årets hovudgjest til sommarens kulturkveld i Kvemmadokkje:
Den folkekjære artisten ODD NORDSTOGA med band kjem og spelar for oss i tunet!
Dette vert ein høgdare i husmannhistoria!
Håpar å sjå både kjente fjes og nye i publikum -kom og feir i lag med oss!
Fleire artistar er i kjømda - meir info kjem både her og på nettsida.

---------------------------------------------------------------
ODD NORDSTOGA
Få klarar å skildra poesien i kvardagen slik som Odd Nordstoga klarar, utan at det nokon gong vert klisjèfylt eller svulstig. Han syng om skogen, om hausten. Om å lengta tilbake til sommaren! Og om dagane som kom og gjekk.
Han får oss til å dansa, sjølv om me ikkje kan det, og til å vilja synga med av full hals om denne grisen som står og hyler.
Det er aldri nokon tvil om at denne mannen lev for å spela for publikum, og det er jaggu ikkje rart at publikum over heile landet har trykt han til brystet sitt, både i høgtid og på fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennes rett og slett ut som ei vitaminsprøyte anten det er åleine, med fullt band, med andre musikalske gjester, eller med strykeorkester.
Odd er ein slags nasjonalleverandør av kvalitetsmusikk, og når han legg ut på tur er det med både gamle og nye hits i skreppa.
- Og til Kvemmadokkje kjem han med heile bandet sitt - me gler oss!
-------------------------
Fleire artistar kjem på programmet - fylg med!

MAT og DRIKKE
Det vert sal av mat og drikke som vanleg, tema er som alltid husmannskost og lokal drykk av beste sort. I tillegg vert det kjøt frå lokalmatprodusentar å få kjøpt - i form av burger og pylsa!

TRANSPORT og PARKERING
God plass til parkering for dei som kjem med bil. Fylg instruksjon frå parkeringsvertar ved inn- og utkøyring og ved parkering. Om nokon har spesielle behov ta kontakt med vertskapet så ordnar me det.
Det vert òg mogleg å reisa sutalaust og miljøvenleg med buss frå Voss og frå Lofthus - ta BANKBUSSEN til og frå konsertkveld i Kvemmadokkje utan å tenkja på bompengar og parkering. Info kjem.

Det vert filma og fotografert under arrangementet.
Meir info om arrangement kjem.

Mbh
vertskapet Kvemmadokkje Husmannsplass
v/Heidi og Torkjell, Toril og Johan og resten av den fantastiske gjengen med gode hjelparar
Advertisement

Event Venue

Byrsevegen 100, 5730 Ulvik i Hardanger, Norway, Byrsevegen 100, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Voss

Dynafit Hardangerj\u00f8kulen 2026 - 34K
Sat, 11 Jul at 09:00 am Dynafit Hardangerjøkulen 2026 - 34K

Liseth Pensjonat & Hyttetun A/S

Tr\u00e5kk sommertur 2026
Mon, 20 Jul at 08:00 pm Tråkk sommertur 2026

Vikøyvegen 280, 5600 Norheimsund, Norge

Yoga Qigong & fjell retreat - Voss fjellyoga (3 ledige plasser)
Thu, 23 Jul at 05:00 pm Yoga Qigong & fjell retreat - Voss fjellyoga (3 ledige plasser)

Vikeshagen 78, Voss

Hellbillies in Lofthus
Sat, 25 Jul at 04:00 pm Hellbillies in Lofthus

Lofthus Ekspedisjon

Vandreeventyr i Norge Hardangervidda
Sat, 25 Jul at 07:00 pm Vandreeventyr i Norge Hardangervidda

Middalsbu

Sundagstur: Grindsdalen til Hella
Sun, 02 Aug at 07:00 am Sundagstur: Grindsdalen til Hella

Holdbergsplassen

Voss 3-etappars 2026, Uno-X Norgescup
Fri, 07 Aug at 05:00 pm Voss 3-etappars 2026, Uno-X Norgescup

Bømoen Leir

Voss is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Voss Events