Sundagstur: Grindsdalen til Hella

Sun Aug 02 2026 at 07:00 am to 06:30 pm UTC+02:00

Holdbergsplassen | Voss

Voss Utferdslag
Publisher/HostVoss Utferdslag
Sundagstur: Grindsdalen til Hella
Advertisement
Ein unik delvis umerka tur som byr på noko av det flottaste terrenget på Vestlandet. Dette er ein felles tur med Vik turlag.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Krevjande (Rød): - Erfarne turgåerar, god utholdenhet, godt utstyrt. 1000 høgdemeter, 20-22 km, 8-10 timar (inkl. pausar)
Turomtale:
Turen startar frå parkeringa i Grindsdalen, ca. 7 kilometer frå rv. 13 på 600 meter over havet.
Fyrste to kilometer går på grusveg sperra med bom, fram til stølen Stavsete, 775 moh. Her opnar dalen seg opp med høge toppar på begge sider.
God sti nordover forbi Stavatjørni til punkt 1012. Ein svingar no vekk frå stien vestover mot ryggen til Husbyggjefjellet, og får etterkvart formidabel utsikt mot Fjærland og Jostedalsbreen. Her blir det pause.
Ryggen sørover mot Stav 1458 er lett å gå, og kanskje flottaste delen av turen. Like før Stav kjem ein til eit punkt som kan vera krevjande for enkelte. På det smalaste er ryggen 3 meter og stupbratt ned på begge sider (her er det mogleg å gå rundt). Likevel er her svært lett å gå.
Nordtoppen til Stav er heilt flat. Lett vidare mot sørtoppen, også kalla Troeggi. Naturleg plass for matpause. Herifrå er det stort sett slak unnabakke ned til Hella. Fyrste delen på fast underlag/ sva, etterkvart sti. Det er ei kort kneik opp til siste toppunktet, Storholten/ Vassvarden 1024. Her er verkeleg storslagen utsikt mot Balestrand, fjord og fjell.
Frå toppen er det merka sti heilt ned til Hella. Ein passerar to stølar undervegs før ein kjem ned til garden Rud. Rud er eigd av folk frå Voss. Kvar vår fraktar dei eit par lass med ungdyr over fjellet som beitar her.
Meir info og påmelding:
https://aktiviteter.dnt.no/register/sundagsturgrindsdalentilhella_29012026014327#/
Advertisement

Event Venue

Holdbergsplassen, Voss, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Trekking in VossHiking in Voss

Ask AI if this event suits you:

More Events in Voss

Voss 3-etappars 2026, Uno-X Norgescup
Fri, 07 Aug at 05:00 pm Voss 3-etappars 2026, Uno-X Norgescup

Bømoen Leir

Hardanger halvmaraton 2026
Sat, 08 Aug at 10:00 am Hardanger halvmaraton 2026

Storeteigen

Sundagstur: Hamlagr\u00f8- Torefjell- \u00d8ystese
Sun, 09 Aug at 08:30 am Sundagstur: Hamlagrø- Torefjell- Øystese

Holdbergsplassen

AXTRI 2026
Sat, 15 Aug at 08:00 am AXTRI 2026

Aurlandsvangen, Norway

GEILO TRAIL RUN - 2026
Sat, 15 Aug at 08:00 am GEILO TRAIL RUN - 2026

VESTLIA RESORT

Yt&Nyt treningsweekend
Fri, 21 Aug at 01:00 pm Yt&Nyt treningsweekend

Thon Hotel Sandven

Voss is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Voss Events