Advertisement
Nettothoughts & the Traveling Troubadours live på Brislingen!For første gong sidan tidlig 2000 spelar Anette Kathenes (Nettothoughts) med band i heimkommunen Kvinnherad. Med seg har ho ‘the traveling troubadours’; Sindre Seljeseth på gitar, Erik Thoresen på bass og Marius Sørlie på trommer. Musikken rører seg i eit landskap av indie-pop med innslag av folk og rock – melodisk, stemningsfullt og nært. Tekstane spring ut frå eigne opplevingar, naturen og dei skiftande årstidene, og ber òg preg av inspirasjon frå artistar som Chris Martin og Taylor Swift, blant fleire. I tillegg til eigne låtar har bandet tolka songar av artistar som Sabrina Carpenter, Maisie Peters, Fay Wildhagen og Hellbillies – sjølvsagt i sitt eige uttrykk og sound.
Konserten startar kl. 20.00. Etter konserten blir det pubkveld 🎶
Arrangementet har 18-årsgrense.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Solbakken 9, 5450 Sunde, Norway, Solbakken 9, 5450 Sunde i Sunnhordland, Norge, Ølen, Norway
Tickets