Advertisement
Den fyrste laurdagen i månaden har du høve til å ta med deg heile familien til biblioteket for å sjå film. Om du vil vere sikker på å få plass, kan du ringje 53655860 for å reservere.Laurdag 4. oktober kl. 12.00 synar me fram filmen Monsterfamilien.
Familien Wishbone planlegg ein festkveld på byen i eit forsøk på å styrka samhaldet i familien. Men det endar med at ei vond heks forvandlar heile familien til monster! No må familien verkeleg læra samhald, så dei kan bryta den vonde forbanninga.
Animasjonsfilm. Passar frå 6 år.
Du treng ikkje å betale for å sjå filmen.
Filmen blir syna fram på lisens frå Filmrommet.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Dreganesvegen 40, 5580 Ølen, Norway, Dreganesvegen 40, 5580 Ølen, Norge, Ølen, Norway