Advertisement
Naturparadokset – om naturen vi mistar, og korleis vi kan få ho tilbakeForfattar og journalist Marit Beate Kasin kjem til Sveio for å snakka om boka Naturparadokset – ei høgaktuell og engasjerande bok om korleis me byggjer ned naturen rundt oss, og kva som må til for å ta ho tilbake.
Har nordmenn sin hyttedraum blitt naturens mareritt? Kasin tek oss med til fjells, der ho viser korleis hyttebygging, alpinanlegg og vegutbygging trugar villreinen og øydelegg leveområda for mange artar. Samstundes peikar ho på håpet – gjennom historier om restaurering og artar som kjem tilbake, som fjellreven.
«Naturparadokset» er nominert til Brageprisen 2024, og boka løftar fram eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid: Korleis kan vi leva i og med naturen – utan å øydeleggja ho?
Om forfattaren:
Marit Beate Kasin (f. 1983) er journalist og sakprosaforfattar med bakgrunn frå miljøjournalistikk og naturforvaltning. Ho leda graveprosjektet Hytteparadokset og har tidlegare gitt ut Vinterdans – 1000 kilometer. 14 hundar. Éi kvinne. Ho bur i Valdres og er norsk meister i langdistanse hundekøyring.
Velkomen til ein kveld med innsikt, alvor og håp – om det viktigaste vi har: naturen!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Sveiogata 32, 5550 Sveio, Norway, Sveiogata 32, 5550 Sveio, Norge, Haugesund, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











