Advertisement
Norsk skjønnlitteratur på sitt besteVelkomen til ein festkveld med nokre av dei mest markante norske forfattarane i dag: Agnes Ravatn, Helga Flatland, Marit Eikemo og Frode Grytten – saman med musikarson David.Lise-Marte Vikse Kallåk les dikt.
Kvelden byr på sterke forteljingar, humor og kunstnarleg innsikt – og du kan sjølvsagt velja om du vil bli med på eitt, to eller alle tre arrangementa!
17.30: Marit Eikemo om Brødrene Eikemo.
Få bøker har skapt så stor begeistring som Vi er brødrene Eikemo. Lesarar og kritikarar har kalla romanen storslått, magisk sjarmerande og meisterleg. Gjennom foredraget tek Eikemo oss med inn i historia som spring ut frå hennar eige oppveksthus. Ho deler både dei personlege erfaringane og dei store samfunnsmessige linjene som gjer romanen til eit sterkt vitnesbyrd om vegen til det moderne Norge.
Medarrangør: Tysvær mållag
18.30: Familieterapi med Grytten, Grytten og Eikemo
Når far og son – forfattar Frode og musikar David Grytten – set seg ned for å snakke om kunst, familie og liv, blir det både nært og morosamt. Korleis påverkar dei kvarandre, og korleis er det eigentleg å vere to kreative hovud under same tak? ? Kven påverkar kven, og er det berre fred og fordragelegheit mellom dei to kreative hovuda? Med Marit Eikemo som samtaleleiar kan vi vente ein avslappa, ærleg og underhaldande samtale.
Familieterapi er utvikla av Norsk Forfattersentrum og er eit samarbeid mellom bLEST og Norsk Forfattersentrum Vestland.
19.30: Litterært toppmøte – Helga Flatland & Agnes Ravatn
To av dei fremste forfattarane i si generasjon møtest til samtale. Helga Flatland har nådd eit stort publikum med sine skarpe og varme skildringar av sorg, tilknyting og brot. I den nye romanen Så gjer vi så får vi eit treffsikkert og humoristisk innblikk i korpsmiljø, dugnadsånd og sjølvbedrag – der det trivielle blir løfta til noko allment og gjenkjenneleg. Agnes Ravatn er kjend for sin vittige, særeigne stemme og sitt klare blikk for menneskeleg svakheit. I Doggerland tar ho oss med inn i eit kammerspel om familie og eit forlag på randa av samanbrot, der makt, løgner og arv kaster lange skuggar – og sjølve litteraturen står på spel.
Samtalen blir leia av forfattar og fylkesbibliotekar Stig Beite Løken.
Foto: Agnete Brun (Marit Eikemo og Helga Flatland), Marius Viken (Agnes Ravatn), Kim Erlandsen ( David Grytten), Helge Skodvin (Frode Grytten)
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Tysværtunet Kulturhus, Aksdalsvegen 157, 5570 Aksdal, Norge, Haugesund, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











