Advertisement
📍Sagstadvegen 216, bedehuset 3.0⏰ 13:00 - 17:00
🗓️ Laurdag 30. mai 2026
Velkomen til marknad og pop-up kafé på Bedehuset 3.0, laurdag 30. mai!
Surdeigsbrød til helga? Baristakaffe og kake etter ein tur på Krossfjellet? Det perfekte målet for sykkelturen!
Ta med deg ein nabo, ein kjent- eller ukjent ven og kom!
Her er noko av det du kan vente på marknaden:
Varig og Vintage: tilbyr nydelege vintageklede, vesker og øyredobbar.
Lifebag: nydelege og praktiske fletta vesker og korgar som er fletta av mødrer i Kenya.
Treverkaren: Terje Dalland lagar nydeleg brukskunst i tre og har lang fartstid både i husfliden og som handverkar. Dei silkemjuke arbeida til Terje, som til dømes handteiner, vil du ikkje gå glipp av!
Nordisk Rom: Frekhaug sin lokale interiør(nett)butikk! Dei har sååå mykje fint!!
Alverland kjem med mellom anna heimelaga såper og sjølvdyrka tomatplantar!
Rosenhagen Brukskunst sel brukskunst av keramikk, ull, tekstil, smykke og glas. Ho har òg med produkt frå neema.sewing, som syr nydelege handlaga produkt under etiske og gode arbeidsforhold.
Tupperware! Dei har ei stund ikkje selt i Europa, men er no tilbake!
Alverhonning kjem med deilig honning!
Øvre Dale gård: Dei driv økologisk gardsbruk med bærekraft, dyrevelferd og rein matproduksjon som grunnpillarar. Dei sel saueskinn, kjøt, spekemat, egg og heimelaga kransar.
Ingvild lagar deilig baristakaffi!
Elises Heimebakst bakar alt ho klarer av kaker, bollar og surdeigsbrød!
Handlenett i mange kule stoff og fargar!
Unike bruktskattar; både retro og nyare gjenbruksskattar. Dameklede, herreklede og barneklede!
Nye interiør produkter av bl.a. merke Rice.
Her bør det vere noko for einkvar smak og lommebok!!
Følg med vidare for oppdateringar om utstillarar 😁 Kanskje det kjem fleire enn dei som er nemnde over? ☺️
Hald av datoen!
Kom som du er- vel møtt! 🙌🏻
Advertisement
Event Venue
Sagstadvegen 216 5918 Frekhaug, Sagstadvegen 216, 5919 Frekhaug, Norge, Bergen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











