Advertisement
I måndagsfilmen 13. april kan du sjå SALTSTIEN. Det er ei rørande historie om tap, kjærleik og om å finne tilbake til kvarandre når alt anna raknar.Når ekteparet Raynor og Moth Winn mistar heimen sin og står igjen utan tryggheit eller framtidsplanar, blir forholdet deira sett på prøve. Dei tek eit desperat, men modig valg: å leggje ut på ei lang vandring langs Englands ville og vakre sørlige kyststripe – gjennom Cornwall, Devon og Dorset. Med begrensa midlar, kun eit telt og det mest nødvendige i sekken håpar dei at naturen kan gi dei trøst, ro og ein følelse av aksept. Kvart skritt er ein kamp, men også eit bevis på deira vaksende styrke og samhold. Undervegs finn dei tilbake til den djupe kjærleiken til kvarandre og til livet, langt unna moderne distraksjonar, tett på naturen og det helt grunnleggjande ved å vere menneske.
SALTSTIEN er ein varm og rørende film om eit langt samliv som blir sett på prøve – og om at det aldri er for seint å finne tilbake til kvarandre, tenne ein ny gneist og skape ein heim, sjølv når alt anna er borte.
Bevertning er som vanleg inkludert i billetten, og denne gongen byd vi på noko litt spesielt som passar til innhaldet i filmen. Så møt ein time før filmstart for å få med deg dette. Hjarteleg velkomen!
Advertisement
Event Venue
Holmegata 7, 6150 Ørsta, Norway, Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge, Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





