Advertisement
Bli med på ein kjekk kveld der me kombinerer laugequiz, damp og badstove-kunnskap med ei musikalsk oppleving utan filter.
Kvelden startar med ein lun og lattermild quiz om alt frå gamle badetradisjonar til moderne velvære – perfekt for både nysgjerrige landkrabbar og glade badeentusiastar.
Etterpå tek Brødrene Bliss band over varmen. Gard frå Ulvik/Stavanger og Helle frå Kristiansund/Voss fann kvarandre på Voss og vart søsken i musikken frå første stund.
Med ærlige, mjuke og følsame låtar inviterer dei deg inn i eit fellesskap der alle får vere akkurat som dei er. Denne kvelden stiller dei med fullt band og skapar ei stemning som går rett i kroppen – slik eit godt bad gjer.
Forvent varme, nærleik og humor i godt lag
Advertisement
Event Venue
Yppal mat & drykk - Ulvik, Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










