Lansering av Grasboka

Wed, 08 Apr, 2026 at 07:00 pm UTC+02:00

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway | Førde

Jakob Sande-senter for forteljekunst
Publisher/HostJakob Sande-senter for forteljekunst
 Lansering av Grasboka
Advertisement
Onsdag 8. april vert det lansering av Siri Helle si nye bok, Grasboka. Møte Siri Helle i samtale med Torkil Sandsund og Åsmund Kvifte i Løa kl. 19.
I ei tid prega av klimakrise, artsutrydding og aukande avstand mellom menneske og natur vender Grasboka blikket mot noko av det mest oversette i landskapet: graset. Dette er ei original, essayistisk bok, som gjennom naturbetraktningar og kulturhistorie undersøker korleis noko så kvardagsleg kan romme både motstandskraft, sårbarheit, politisk betydning og - ikkje minst håp.
Kor mykje gras finst det eigentleg i verda? Svaret er: utruleg mykje. Ville grasmarker dekker ein tredel av jordas landoverflate, og dei tamde grasartane gjev oss nesten halvparten av maten vi et – frå kveite, havre og ris til mais, sukker og øl. Gras gjev oss mjølk, kjøt, skinn og torvtak, det held oss mette, varme og tørre, bind karbon, bygger biologisk mangfald og limer saman dei komplekse økosystema vi lever i.
Men graset er under press. Klimaendringar, jordbruk og folketalsvekst trugar dei ville grasslettene, som berre finst att i ein femdel av sitt tidlegare omfang. Å ta vare på graset er å ta vare på livsgrunnlaget vårt. Gras er òg ein del av forteljinga om oss sjølve. Alle ber vi på lukter, lyder og kjensler som vekkjer minnet om gras, frå grønske på kneet til lukta av tørrhøy, fotballbaner eller endelause grassletter. Utan gras, ingen menneske.
Grasboka er ei reise inn i denne stille, men livsviktige historia: om korleis graset formar planeten vår, korleis menneske lever med det og kvifor vi aldri kan klare oss utan kvarandre. Å lytte til graset kan vere vegen vidare for samspelet mellom menneska og naturen.
Siri Helle (f. 1982 i Holmedal) er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho er journalist og har fast matspalte i Dag og Tid. Ho debuterte med Handle rett – Lure val i ein matbransje full av juks (2014). Seinare kom Skal landet gro att? Korleis berge norsk jordbruk (2015), Matmakt på butikken (2018), Med berre nevane: eit forsvar for praktisk arbeid (2020) og Trollefossvegen 23 Attende til heimbygda (2023).
Du møter Siri i samtale med Torkil Sandsund og Åsmund Kvifte.
Samtaleleiar Torkil Sandsund (f. 1977 i Fjaler) er teaterregissør utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og École Lecoq i Paris. Torkil har arbeidd ved ei rekkje teater i Noreg og internasjonalt, og er kunstnarleg leiar i PreForm i Fjaler. Sandsund er også ein av initiativtakarane til Teaterfestivalen i Fjaler, og arbeider med å utvikle Fjaler som ein stad for scenekunst og kunstnariske produksjonar.
Åsmund M. Kvifte er gras- og jordforskar ved NIBIO på Fureneset ytst i Fjaler. Han har ein mastergrad i miljø og naturressursar frå Ås, og arbeider breitt i engforskinga som ei nyfiken kveke.
Etter samtalen vert det høve til å sikre seg signert utgåve av Grasboka.
Arrangement i samarbeid med Dreyer forlag og Nibio Fureneset.
Advertisement

Event Venue

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway, Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge, Førde, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Førde

Mizuno Social Run Tour 2026 - Sogndal
Wed, 08 Apr at 05:00 pm Mizuno Social Run Tour 2026 - Sogndal

Intersport Sogndal

Frukostm\u00f8te 9.april
Thu, 09 Apr at 07:30 am Frukostmøte 9.april

Samvirket

Ope Hus med Eva R\u00f8yrane og Oddleiv Apneseth
Thu, 09 Apr at 01:00 pm Ope Hus med Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth

Florø Folkebibliotek

Erlend Osnes - Fermentert\/\/F\u00f8rdehuset
Thu, 09 Apr at 07:00 pm Erlend Osnes - Fermentert//Førdehuset

Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway

Afternoon Tea - Quality Hotel Sogndal
Fri, 10 Apr at 04:00 pm Afternoon Tea - Quality Hotel Sogndal

Gravensteinsgata 5, 6856 Sogndalsfjøra

Gratis mini-release konsert med Bjarne Bergheim
Fri, 10 Apr at 06:00 pm Gratis mini-release konsert med Bjarne Bergheim

Elvevegen 13, 6800 Førde, Norway

UTSOLGT! Korpub i Blaoboxen - songglede utan terskel
Fri, 10 Apr at 07:00 pm UTSOLGT! Korpub i Blaoboxen - songglede utan terskel

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway

Førde is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Førde Events