Advertisement
Kva skjer når ein blandar kor, pubstemning og songglede?Jo – då får du Korpub i Blaoboxen!
Gratis, men hugs å¨ta ut billett! NB! Begrensa tal billettar!
10. april inviterer Sogndal kulturhus og Sogn kulturskule til ein heilt ny møteplass for alle som likar å synge – anten du er korsongar, tidlegare korsongar, dusjsongar eller berre glad i god stemning.
Med oss har vi tre dyktige musikarar frå kulturskulen: Kari Malmanger og Marianne Skjerping Kroken, begge songlærarar og erfarne kordirigentar, saman med gitarist Henrik Hovland. Dei vil leie oss gjennom kjende og kjære songar – og kanskje nokre overraskingar.
Dette er eit lavterskeltilbod der alle kan vere med. Du treng ikkje vere medlem i kor, og du treng ikkje vere flink til å synge. Her handlar det først og fremst om songglede, fellesskap og god stemning.
Tenk deg ei uformell kveldstund i Blaoboxen der vi syng saman, ler litt, kanskje tek noko godt i glaset frå baren – og lar stemma få sleppe seg laus. Nokon syng høgt og tydeleg, andre litt meir forsiktig – og nokon finn kanskje ekstra mot etter ein slurk eller to. Alt er lov når målet er å ha det kjekt saman.
Korpub er rett og slett ein sosial songkveld der publikum er koret.
Så ta med deg ein ven, eit heilt kor – eller berre deg sjølv – og bli med på ein kveld fylt av musikk, fellesskap og ekte songglede.
Velkomen til ein kveld med god stemning.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 10. april. Dørene opnar kl 18.00, korsong frå kl 19.00-21.00 med 20 min pause.
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).
Gratis, men du må ta ut billett. NB! Begrensa tal billettar!
Advertisement
Event Venue
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








