Kveldskurs i Complete Vocal Technique - med masterclass (oppstart 8. april 2026)

Wed Apr 08 2026 at 06:00 pm to 09:00 pm UTC+02:00

USF Verftet | Bergen

Kveldskurs i Complete Vocal Technique - med masterclass (oppstart 8. april 2026)
Advertisement
Kveldskurs i Complete Vocal Technique - med masterclass
- for din personlige stemmeutvikling!
Kjære songar, ønskar du deg sangtimar? Eg har noko enno meir effektivt å tilby - eit eksklusivt sangkurs over 5 onsdagar saman med ei lita, motivert gruppe som ønsker å jobbe med sin personlige stemmeutvikling!
Vil du lære meir om konkrete, effektive teknikkar for sunn stemmebruk? Vil du lære meir om støtte/pust, registerovergangar, synge lysare/djupare, synge med meir eller mindre volum i høgda/mellomregisteret, korleis forme klangfargen? Vil du lære eit kart over stemma som gjer at du kan kan synge i ulike sjangre frå pop via rock til klassisk? Frå 8. april skal eg halde kurs i Bergen i Complete Vocal Technique over 5 onsdagar (15 kurstimar), der du får konkrete tilbakemeldingar og hjelp med dine unike sanglige utfordringar uansett om du er amatørsongar eller profesjonell. Alt basert på enkelt forklart anatomi og fysiologi!
Tilbakemelding etter helgekurset i CVT (10 kurstimar) eg hadde i
oktober 2025:
«Dette helgekurset hadde stort utbytte for meg; Det var en grundig og pedagogisk innføring i CVT-opplegget som gjør at jeg har fått gode verktøy til å utvikle meg som sanger og fått gode tips til hvordan jeg kan gjøre justeringer i sangteknikken min og dermed ha større selvtillit til å ta fatt på nye og utfordrende sanger.» (Marianne Bruvik Stene)
Tilbakemelding etter helgekurs januar 2026:
"En kjempefin helg på Bodil Rørtveit's CVT kurs. Ho skapte et trygt rom og gruppen var veldig hyggelig og støttende.
I tillegg til solid undervisning fikk eg mye ut av masterclassen med hver enkelt. Bodil's tilbakemeldinger er laserfokuserte og umiddelbart nyttige for alle. Et fantastisk kurs!
Eg fikk et helt nytt forhold til sangundervisning og gleder meg til å lære mer. Tusen takk! S."
Dersom du vil gå grundig til verks med sangen, kan eg anbefale dette 5-vekerskurset. Tilsaman blir det 15 intense timar med sangtrening, og du får høve til å jobbe med teknikkene over fleire veker, med tid til egenøving mellom kurskveldane. Du får god valuta for pengane samanlikna med å ta privattimar, og det passar både for amatørar og profesjonelle, så lenge du er motivert for å øve og lære.

Du får heilt konkrete og enkle verktøy til å utvikle di eiga stemme. Det einaste du treng å gjere er å øve, så vil resultata komme!
Om kurs-opplegget:
Vi startar kvar kveld med å gå gjennom dagens sangtekniske fokus, der vi alle testar ut i fellesskap. Etterpå er det masterclass, der kvar enkelt songar har med ein song dei har ei utfordring med/noko dei vil lære, og får spesifikk hjelp til den. (Du syng utan komp, eller du har med backtrack). Vi skapar ei trygg atmosfære, der alle syng foran kvarandre. Du lærar like mykje av å høyre på andre få undervisning, som å få hjelp til eigen song.
Om Bodil Rørtveit
Bodil Rørtveit er songar og songpedagog og har lang erfaring med undervisning av songarar, både profesjonelle og glade amatørar. Ho er kjend som ein inspirerande instruktør, arrangør og komponist. Bodil er sertifisert vokal coach i Complete Vocal Technique sidan 2008, i tillegg har ho hovudfag (master) i musikk frå NTNU. Ho har vore songpedagog ved Den Nationale Scene i 11 år og ved Griegakademiet i 2 år. Bodil har erfaring innan mange ulike sjangre, både pop, jazz, folk, musikal, impro, eksperimentell- og klassisk musikk, og ho kan hjelpe deg uansett sjanger. Som utøvar og kunstnar skapar ho konseptuelle musikk- og scenekunstprosjekt, blant anna i samarbeid med Festspillene i Bergen og Bergen Filharmoniske Orkester og Stavanger Symfoniorkester. Og i 2025 gav ho ut ho sitt første soloalbum, DJUPNA, til strålande kritikkar i inn- og utland.
Om Complete Vocal Technique (CVT)
Complete Vocal Technique (CVT) er eit sangteknikksystem utvikla av Cathrine Sadolin, basert på anatomi og fysiologi. Ho er ein av dei framste stemmeforskarane i verda. CVT omhandlar alle sjangrar og stilartar, frå klassisk via pop til heavy metal, og gir deg enkle, konkrete verktøy for å løyse dine sangtekniske utfordringar. Systemet brukast av profesjonelle og amatørar over heile verda, og passer for alle nivå og sjangre. Complete Vocal Institute (CVI), som vart grunnlagd i København i 2005, er i dag Europas største sanginstitutt, med utdanningar i flere europeiske land. Bodil Lunde Rørtveit er autorisert lærar i CVT.
Tid: onsdagar kl 18-21, med start 8. april 2026 (totalt 15 kurstimar)
Stad: USF Verftet, studio 352
Kun 6-8 plassar, førstemann til mølla!
Siste påmeldingsfrist: torsdag 26 mars
Påmelding: send mail til [email protected]
tlf: 45 25 75 87.
Pris: 6290 kr
(tilsamanlikning kostar 15 sangtimar med Bodil 18735 kr)
Påmeldinga er bindande og kursavgiften refunderast ikkje.

Datoar - OBS - det er ikkje kvar onsdag:
onsdag 8. april 18-21
onsdag 22. april 18-21
onsdag 6. mai 18-21
onsdag 27. mai 18-21
onsdag 10. juni 18-21
Advertisement

Event Venue

USF Verftet, Georgernes Verft 12, 5011 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Bergen

Kurs i sobanudler\ud83c\udf5c\ud83e\udd62 G\u00e5rdskokkens kokeskole
Tue, 07 Apr at 06:00 pm Kurs i sobanudler🍜🥢 Gårdskokkens kokeskole

Kanonhaugen 39, 5097 Bergen, Norway

Sei Selina \/\/ Lille Ole Bull
Tue, 07 Apr at 07:00 pm Sei Selina // Lille Ole Bull

Lille Ole Bull

Konsertaften med Soldr\u00e5per og In Doubt
Tue, 07 Apr at 08:30 pm Konsertaften med Soldråper og In Doubt

Det Akademiske Kvarter

Bordeaux med Merete B\u00f8 \/\/ Tasting Sessions
Wed, 08 Apr at 05:30 pm Bordeaux med Merete Bø // Tasting Sessions

Snekkerbrakken

Hvordan kutte utslipp men ha noe \u00e5 leve av med Tejn Rolland
Wed, 08 Apr at 05:30 pm Hvordan kutte utslipp men ha noe å leve av med Tejn Rolland

Kulturhuset Danckert Krohn

Bl\u00e5b\u00e6r merke
Wed, 08 Apr at 05:30 pm Blåbær merke

Spelhaugen 12, 5147

Heidi Lambach med gjester - sesongstart!
Wed, 08 Apr at 07:00 pm Heidi Lambach med gjester - sesongstart!

Cornerteateret

Cajun Gumbo \/\/ BJ\u00d8RGVIN BLUESKLUBB
Wed, 08 Apr at 08:00 pm Cajun Gumbo // BJØRGVIN BLUESKLUBB

MadamFelle

PLAYDATE: Karl Bjor\u00e5 Trio
Wed, 08 Apr at 08:00 pm PLAYDATE: Karl Bjorå Trio

Landmark Bergen

Bergen Bonanza - Med SERGEANT PETTER
Wed, 08 Apr at 08:00 pm Bergen Bonanza - Med SERGEANT PETTER

Statsraaden Bar & Reception

Tidsmaskina - konsert og kafe
Thu, 09 Apr at 11:00 am Tidsmaskina - konsert og kafe

Hellandsvegen 541, 5939 Sletta, Norway

Formiddagstreff i regi av H\u00f8rselsforbundet Bergen
Thu, 09 Apr at 12:00 pm Formiddagstreff i regi av Hørselsforbundet Bergen

Hørselsforbundet Bergen

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events