Juleroser - Ein førjulskveld i teateret.

Sun Dec 01 2024 at 06:00 pm to 07:15 pm UTC+02:00

Det Norske Teatret | Oslo

Det Norske Teatret
Publisher/HostDet Norske Teatret
Juleroser - Ein f\u00f8rjulskveld i teateret.
Advertisement
Velkommen til ein varm førjulsfest på Hovudscenen med Herborg Kråkevik og eit knippe av våre beste forfattarar og artistar.
I år markerer vi tiårs-jubileum for det litterære juleheftet Juleroser. Tre søndagar i advent inviterer vi til førjulsfest på Hovudscenen. Her får du møte kunstnarar som har bidrege i heftet i løpet av desse åra, saman med musikarar og skodespelarar frå Det Norske Teatret. Herborg Kråkevik er sjølv programleiar.
Rik, norsk juletradisjon
Juleroser blei første gongen utgitt i 1881, og var det første juleheftet som kom ut regelmessig i Norden. Etter ein pause på over 70 år, blei tradisjonen vekt til live i 2015, denne gongen med artist og skodespelar Herborg Kråkevik som redaktør. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta i Noreg. Juleroser er eit vakkert illustrert hefte med nyskrivne bidrag frå nokre av våre fremste forfattarar og musikarar, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.
Det er ein rik, norsk juletradisjon Kråkevik løftar fram med Juleroser, samtidig som ho gir rom for nye uttrykk frå vår tid. Innhaldet i hefta er ikkje eit glansbilde av jula, men levande bilde av mange forskjellige juler - både det gode og det som gjer vondt. Til kvart hefte har ein norsk artist laga ein ny julelåt, og fleire av desse har allereie gått inn i vår felles julesongskatt. Det er ei stor glede å kunne invitere publikum til ein varm og stemningsfull time med musikk, kunst og litteratur som garantert får julestemninga til å kome.
Eit stjernelag på scenen
Tre søndagar i advent har Herborg Kråkevik med seg nye artistar og forfattarar på scenen. Skodespelarane Charlotte Frogner, Pål Christian Eggen og Morten Svartveit vil delta, i tillegg til musikarar frå Det Norske Teatret.
«Juleroser 10 år» er eit samarbeid mellom Samlaget og Det Norske Teatret.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Det Norske Teatret, Kristian IV’s gt.8,Oslo, Norway

Tickets

Discover more events by tags:

Art in Oslo

Sharing is Caring:

More Events in Oslo

Chris Cohen \/Himmel Bl\u00e5
Sat Nov 30 2024 at 08:00 pm Chris Cohen /Himmel Blå

BLÅ

The September When \u2013 Huggermugger 30 - F\u00c5 BILLETTER \/\/ Rockefeller
Sat Nov 30 2024 at 09:00 pm The September When – Huggermugger 30 - FÅ BILLETTER // Rockefeller

Rockefeller / John Dee / Sentrum Scene

Mats Eilertsen Trio \/\/ Nasjonal jazzscene
Sat Nov 30 2024 at 09:00 pm Mats Eilertsen Trio // Nasjonal jazzscene

Karl Johans gate 35 0162 Oslo, Norway

Juovlam\u00e1rkanat Oslos - Samisk julemarked i Oslo
Sun Dec 01 2024 at 01:00 pm Juovlamárkanat Oslos - Samisk julemarked i Oslo

Den Norske Opera & Ballett

emma \/\/ Sentrum Scene \/\/ Pres. av Polar Artist
Sun Dec 01 2024 at 05:00 pm emma // Sentrum Scene // Pres. av Polar Artist

Rockefeller / John Dee / Sentrum Scene

EREDETI (Being Genuine) - Self-development group for men and women
Sun Dec 01 2024 at 07:00 pm EREDETI (Being Genuine) - Self-development group for men and women

Voidklub - Østerdalsgata 1, 0658 OSLO

Ekstra! Max Fosh: Loophole \/ 2x Cosmopolite \/ Pres. av FKP Scorpio
Sun Dec 01 2024 at 07:00 pm Ekstra! Max Fosh: Loophole / 2x Cosmopolite / Pres. av FKP Scorpio

Cosmopolite Scene, Vogts gate 64, 0477 Oslo, Norway

Krissy Matthews & The Viking Blues Band | Parkteatret
Sun Dec 01 2024 at 07:00 pm Krissy Matthews & The Viking Blues Band | Parkteatret

Olaf Ryes plass 11, 0552 Oslo, Norway

S\u00e1mi juovllat \u2013 Samisk jul \/\/ Kajsa Balto med KORK i Operaen
Sun Dec 01 2024 at 08:00 pm Sámi juovllat – Samisk jul // Kajsa Balto med KORK i Operaen

Den Norske Opera & Ballett

CHRISTEL ALSOS  I DEN KALDE VINTER 2024
Sun Dec 01 2024 at 08:30 pm CHRISTEL ALSOS I DEN KALDE VINTER 2024

Oslo Konserthus

Coliseum (US) + Wolves Like Us (US) \/\/ Goldie
Sun Dec 01 2024 at 09:00 pm Coliseum (US) + Wolves Like Us (US) // Goldie

Goldie Oslo

Oslo is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Oslo Events