Advertisement
Sondre Lerche, Linda Eide, Jo Nesbø, Vigdis Hjorth, Janove Ottesen, Vetle Lid Larsen, Carsten Jensen og fleire er med når Herborg Kråkevik inviterer til Juleroser. Velkommen til ein varm førjulsfest på Hovudscenen med eit knippe av våre beste forfattarar, artistar og skodespelarar!I år markerer vi tiårs-jubileum for det populære juleheftet Juleroser. Tre søndagar i advent inviterer vi til førjulsfest på Hovudscenen. Her får du møte forfattarar og artistar som har bidrege i heftet i løpet av desse åra, saman med musikarar og skodespelarar frå Det Norske Teatret. Herborg Kråkevik er sjølv programleiar.
Alle tre kveldane møter du skodespelarane Charlotte Frogner, Pål Christian Eggen og Morten Svartveit.
Eit stjernelag på scenen
Tre søndagar i advent har Herborg Kråkevik med seg nye artistar og forfattarar på scenen. Skodespelarane Charlotte Frogner, Pål Christian Eggen og Morten Svartveit vil delta, i tillegg til musikarar frå Det Norske Teatret.
«Juleroser 10 år» er eit samarbeid mellom Samlaget og Det Norske Teatret.
Søndag 1. desember
Sondre Lerche er artist og låtskrivar. Han debuterte 19 år gamal med albumet Faces Down som fekk Spelemannprisen og blei utropt blant årets ti beste debutalbum av Rolling Stone Magazine. Sidan debuten har Lerche gitt ut 14 album, spelt hovudrolla i musikalen Moulin Rouge og skrive fleire bøker for både barn og vaksne. Han har også skrive årets julesong i Juleroser, «Den sanne jul».
Med seg på scenen har han Oslo Filharmoniske Kor.
Vigdis Hjorth er forfattarar. Ho skriv eksistensielle bøker om menneskas vilkår og livsval, og har eit skarpt blikk for aktuelle tema i samtida. Ho har motteke ei lang rekke prisar for forfattarskapet sitt, og bøkene hennar er omsett til 33 språk. I 2015 skreiv ho novella «Julaften» til Juleroser, som handlar om ei mor sin kamp for å halde seg edru på julekvelden.
Carsten Jensen er forfattar og journalist. Han har gitt ut ei rekke romanar, essays og artiklar. Det litterære gjennombrotet fekk han med reisebøkene Jeg har sett verden begynne og Jeg har hørt et stjerneskudd. Med romanen Vi, de druknede frå 2006 blei han ein av Danmarks mest lesne forfattarar. Boka er gitt ut i meir enn 20 land og har selt ein halv million eksemplar. Jensen har skrive ein tekst til årets utgåve av Juleroser.
Søndag 8. desember
Janove Ottesen er vokalist og frontfigur i rockebandet Kaizers Orchestra. Han har også gitt ut solomusikk og komponert musikk for film og teater. I 2022 laga han låta «Carnaby Jul», julesongen i Juleroser det året. Teksten handlar om å skape gode minne for barna, inspirert av kona sine barndomsminne frå reiser til London i desember. Om barnet som tek inn i storbyen med alle sansar og held mor trygt i handa.
Linda Eide er humorist, journalist og juleromantikar. Ho har gitt ut fleire bøker og laga framsyninga Mottro bygd på ei av dei. I fleire år har ho hatt stor suksess med programmet Eides språksjov på NRK. I 2018 skreiv ho teksten «Jolatantene prøver seg på ein vri» for Juleroser, der ho spør om det er mogleg å lage heilt nye juletradisjonar i vaksen alder, eller om det berre fører til sorg, sinne og skilsmisse.
Søndag 15. desember
Jo Nesbø er forfattar, og vokalist og låtskrivar i gruppa Di Derre. Han har mellom anna gitt ut 13 bøker om politimannen Harry Hole og fleire barnebøker om Doktor Proktor. Totalt har han selt meir enn 55 millionar bøker og er omsett til meir enn 50 språk. I årets Juleroser har Nesbø skrive teksten «Hoppbakken», om den jula han og broren fekk hoppski til jul, om lyden av is i sporet og frykta for å skuffe pappa.
Vetle Lid Larssen er journalist og forfattar. Dei siste åra har han gitt ut fleire dokumentarromanar med stor suksess, og han er ein av Noregs fremste foredragshaldarar. I 2016 skreiv han novella «Den magiske øsen» for Juleroser. Den handlar om ein mann som er lei julemaset og dreg til Venezia i staden. Men den magiske ausa heimsøker han.
Ein hemmeleg artist blir annonsert 1. desember.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Det Norske Teatret, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge,Oslo, Norway
Tickets