Hulbækmo og Jacobsen - Gorrlaus // Tou

Sat, 23 May, 2026 at 06:30 pm UTC+02:00

Kvitsøygt 25, 4014 Stavanger, Norway | Stavanger

Tou
Publisher/HostTou
Hulb\u00e6kmo og Jacobsen - Gorrlaus \/\/ Tou
Advertisement
Laurdag 23. mai
Stad - Tou loftet
Dørene opnar: 1830
Start: 1900
Tone Hulbækmo: harpe
Hans Fredrik Jacobsen: seljefløyte
Olav Christer Rossebø: dansespel på hardingfele, fløyte og langeleik.
Det er ei glede å få besøk av to fantastiske personar, som både er ektefeller og musikalske kollegaer. Dei har formidla musikk og tradisjon for store og små i fleire ti år, både saman og kvar for seg.
Tone Hulbækmo, frå Tolga i Østerdalen, er multiinstrumentalist med ein eklektisk musikalsk palett. Ho er kvedar og spelar både harpe, lyre og orgel. Frå europeisk middelalder- og renessansemusikk til norsk folkemusikk til melodier og viser for barn, som ikkje er fastbunde av nokon bestemt sjanger anna enn den kraftfulle entusiasmen og formidlingsvilja som alt spring ut i frå. Spesielt relevant for i kveld, er det å trekka fram den norske harpa. Dette er ein tradisjon som forsvann for meir enn 200 år sidan. Saman med Sverre Jensen, har Hulbækmo blåst liv i denne tradisjonen igjen. I fjor kom "Harpedåm" ut på Heilo Records. Plata inneheld utelukkande musikk spelt på den norske harpa, og det er dette det skal dreie seg om i kveld.
Hans Fredrik Jacobsen er ikkje mindre multiinstrumentalist og trakterer forskjellige fløyter, gitar, torader og saksofon. Han har medvirka som gjestemusiker og solist på drøyt 100 utgjevingar og samarbeida med alt frå Sissel Kyrkjebø til Erik Bye. Han står og veldig greitt på eigne bein, og det er kanskje fleire i Stavanger som kan hugsa ein smått legendarisk konsert i botaniske hage ein junidag i 2022. Det var altså Hans Fredrik Jacobsen som spelte på ekta seljefløyter. Konserten i kveld kjem og til å ha hovedfokus på nettopp seljefløyta. Men sjølv om det er "det tradisjonelle solo spelet som står i fokus i kveld og me sit på kver okka stol og spelar i kver vår verd osb", kan det vera fare for samspel og. " For nokre framsteg må me jo kunna unne okker..."
Etterpå blir det ope dansegulv med spelemannen hvis namn skrives Olav Christer Rossebø, men uttales lokalt "Laffen". Rogalandsmusikk på fløyte, langeleik og hardingfele. Stavanger folkemusikklag er nok ikkje langt unna dei heller.
Fuglen arrangerer dansekurs på dagtid.
Advertisement

Event Venue

Kvitsøygt 25, 4014 Stavanger, Norway, Kvitsøygata 25, 4014 Stavanger, Norge, Stavanger, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Stavanger

Celtic Fog - Ny dato
Fri, 22 May at 08:00 pm Celtic Fog - Ny dato

Kirkegata 36, 4006 Stavanger, Norway

V\u00c5RENS VILLESTE COUNTRYFEST 2026
Sat, 23 May at 06:00 pm VÅRENS VILLESTE COUNTRYFEST 2026

Forum Expo

1991 \/\/ Support: SKONT \/\/ Konsert p\u00e5 Gnu
Sat, 23 May at 07:00 pm 1991 // Support: SKONT // Konsert på Gnu

Nedre Strandgate 25, 4005 Stavanger, Norway

Countryfesten 2026
Sat, 23 May at 07:00 pm Countryfesten 2026

Gunslingers in Stavanger
Sat, 23 May at 07:00 pm Gunslingers in Stavanger

Forum Expo Stavanger

Draken \/\/ Folken (Grottene) \/\/ 23.mai
Sat, 23 May at 08:00 pm Draken // Folken (Grottene) // 23.mai

Folken

Rita Eriksen 60 \u2013 min dr\u00f8mmekonsert
Tue, 26 May at 07:00 pm Rita Eriksen 60 – min drømmekonsert

Kuppelhallen

Stavanger is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Stavanger Events