HO-leiar 16.april

Thu, 16 Apr, 2026 at 04:00 pm UTC+02:00

Evangervegen 3, 5704 Vossevangen, Norway | Voss

Hardanger og Voss N\u00e6ringshage
Publisher/HostHardanger og Voss Næringshage
HO-leiar 16.april
Advertisement
Velkomen til ei ny samling i HO – nettverket for kvinner som vil utvikla seg, dela og skapa saman.
Sidan sist me møttest under HO – skapar på Ekstremsportveko i 2025, har det vore stille utad – men langt frå stille i kulissane. Mange av dykk har venta på fortsetjinga, og det gjer det ekstra kjekt å no endeleg kunna invitera til neste samling.
Me har brukt tida godt – lytta til innspel, samla erfaringar og arbeidd vidare med å forma HO som ein relevant, inspirerande og trygg møteplass. No ser me fram til å samlast igjen, med eit nytt tema:
HO – leiar
Denne gongen rettar me blikket mot leiarskap – både det å leia andre, og det å stå i eiga utvikling som leiar. Gjennom fagleg påfyll, personlege historier og gode samtalar ønskjer me å skapa ein arena der ulike perspektiv får plass, og der du kan kjenna deg att – eller bli utfordra.
HO er eit nettverk på tvers av bransjar, alder og erfaring – der målet er å byggja relasjonar, dela kunnskap og inspirera kvarandre i ei uformell og inkluderande ramme.
Me gler oss til å samla dykk igjen – til nye perspektiv, gode møte og inspirerande samtalar.
Velkomen til HO – leiar!
Program
📍 Hardanger og Voss Næringshage, Gondolbygget
🕓 Kl. 16:00 Fagleg program
🕢 Kl. 19:30 Felles middag på Eyyes for dei som ønskjer å halda fram samtalane i ei sosial ramme. Middagen er gratis.

Me får besøk av tre sterke stemmer innan leiarskap:
Åshild Lande:
Direktør i PwC og psykologspesialist i organisasjonspsykologi.
Åshild har brei erfaring som rådgivar innan leiar- og leiargruppeutvikling, og har utvikla og gjennomført ei rekkje leiarprogram i både offentleg og privat sektor. I sitt inspirasjonsforedrag vil ho løfta fram ulike perspektiv på leiarskap – relevant både for deg som leiar, og deg som blir leia. Her vert det òg tid til dei gode samtalane på tvers.

Helene Seim:
Administrerande direktør i Boliden Odda.
Med over 20 års erfaring frå industrien, doktorgrad i materialteknologi og ei karriere som starta i produksjonen, har Helene gått heile vegen til toppleiing. Ho er kjend for sitt sterke engasjement for utvikling, tryggleik og berekraft – og for å bana veg for fleire kvinner i industrien.

Guro Valland:
Ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Bergensavisen.
Med bakgrunn frå mellom anna Avisa Hordaland og fleire sentrale roller i mediebransjen, vil Guro dela erfaringar frå si leiarrolle – med refleksjonar kring utfordringar, moglegheiter og læring undervegs. Ho er særleg engasjert i kvalitetsjournalistikk, digital utvikling og tydeleg leiarskap.
NB: Arrangementet er berre for kvinner.
Kvinnenettverket HO, i samarbeid og me støtte frå; Sparebanken Norge og Agenda Vestlandet

📌 Kva er HO?
HO er eit nytt nettverk for kvinner på tvers av bransje, alder og region, og som vil bygga relasjonar, dela erfaringar og bli inspirert.
Hensikta er å skapa ein arena for innovasjon og samarbeid – i ei uformell og trygg ramme.
Kvart arrangement får eit eige tema som vert spegla i namnet. Me samlast fleire gonger i året for å utforska aktuelle tema gjennom føredrag, diskusjonar og workshops, og ikkje minst – gode samtalar og sosialt fellesskap.
HO er for deg som vil bli inspirert, utvikla deg, dela kunnskap – saman med andre kvinner.
Advertisement

Event Venue

Evangervegen 3, 5704 Vossevangen, Norway, Evangervegen 3, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Meetups in VossLeadership in Voss

Ask AI if this event suits you:

More Events in Voss

Kveldstur: Lundarvatnet rundt
Wed, 15 Apr at 06:00 pm Kveldstur: Lundarvatnet rundt

Vangsgata 28, Hålandshuset, 5700 Voss, Norway

Skarverennet 2026
Thu, 16 Apr at 03:00 pm Skarverennet 2026

Geilo, Norway

Moteshow
Thu, 16 Apr at 07:00 pm Moteshow

Kinsarvikvegen 61

Daniela Reyes. Support: Delish
Fri, 17 Apr at 07:00 pm Daniela Reyes. Support: Delish

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway

Serieopning!
Fri, 17 Apr at 07:30 pm Serieopning!

Holmane 10, Øystese

DNT Unge Vaksne: Gourmettur til Kaldavasshytta
Sat, 18 Apr at 09:20 am DNT Unge Vaksne: Gourmettur til Kaldavasshytta

Voss Stasjon

Veglause gardar langs Veafjorden
Sat, 18 Apr at 10:00 am Veglause gardar langs Veafjorden

Stamnes kai

Familieframsyning\/\/ Janne og Muskat- begrensa antal billettar
Sat, 18 Apr at 01:00 pm Familieframsyning// Janne og Muskat- begrensa antal billettar

Evangervegen 6, 5700 Vossavangen, Norway

Voss is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Voss Events