Advertisement
17 april er det serieopning på Øystese stadion. Og for ein serieopning det vert! Tidenes beste 6 divisjonslag ,Fyllingen er motstander i fyrste kamp. Fyllingen er ubeseira i offisiell kamp dei siste 15 åra! .Fyllingen og Løv Ham fusjonerte i 2011 men Fyllingen starta opp på nytt i fjor og gjekk då ubeseira gjennom serien. Samtidig vann dei alle kampane i ballsparkcupen. Dei har og starta årets sesong med å slå fjorårets 3 divisjonslag Lyngbø ut av cupen samt smadra andre lag i treningskamper. Fyllingen har fleire stjerner i laget sitt men den største stjerna er Erik Huseklepp med 36 landskamper for Norge og ein lang karriere i Brann. Før seriestart har Fyllingen forsterka med ein stopperduo frå Åsane med nærmare 500 kamper i OBOS ligaen. Erik Wollen Steen og Martin Ueland er blant landets beste stoppere. Kan Øystese sine unge lovende talenter ha ein sjanse mot dette aldrende stjernegalleriet ? David har slått Goliat før og sjansen er større om Øystese sin 12 mann er på plass! 250 barnespelarar stiller i blått og me har ein ambisjon om å stille fleire på tribunen enn det Åsane klarer i OBOS ligaen! Me vil sjå deg i blått for å hjelpe Øystese i kampen om 3 poeng. Fyllingen skal merke at det ikkje vert enkelt å plukke poeng i Hardanger. 1-2-3 Øystese!
Advertisement
Event Venue
Holmane 10, Øystese, Holmane 20, 5610 Øystese, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






