Advertisement
Lenke til påmelding finner du her: https://tinyurl.com/y98ztyvs X2 Festivalen og Sparebanken Møre inviterer til Heimeblind: ein gratis møteplass for alle som vil vere med og forme framtida på Søre Sunnmøre.
Regionen er full av moglegheiter, men av og til blir vi "heimeblinde" og gløymer alt vi har rundt oss. Difor samlar vi folk som bur og jobbar her for å dele erfaringar om korleis det er å etablere seg, byggje karriere og skape eigne initiativ i regionen.
Torsdag 16. april opnar Propellhallen kl. 15.30 med mingling og servering frå Mjøl og Meir Avd. Sæbø, i tillegg til kaffe frå Muren Kaffebrenneri, før programmet startar kl. 16.00. Alle som deltek får stempel som gir tilgang til foredraga seinare på dagen.
Heimeblind er for arbeidsgivarar, studentar og alle som vurderer å bli verande, og som vil løfte blikket saman og sjå moglegheitene her heime.
På scena:
- Velkomen ved Sparebanken Møre
- Victoria Cecilia Sørensen og Lina Åkerblom deler erfaringar med å etablere seg i Volda og utvikle ein open møteplass i sentrum.
- Halvor Salthammer fortel om å bygge fagleg karriere i distriktet og balansere arbeid, fritid og familieliv.
- Marius Beck Dahle snakkar om korleis ein kan arbeide internasjonalt medan ein har Volda som base.
Vi håpar å sjå deg!
Advertisement
Event Venue
Propellhallen, 6100 Volda, Norway, Industrigata 15, 6100 Volda, Norge, Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








