Advertisement
For første gong inviterer fuglehundutvalet i NJFF Sogn og Fjordane til vår andre vinterprøve. Gaularfjell II går av stabelen 17.–19. april 2026. 🏔️❄️🐶☀️Dette blir ei avsluttande prøve i vår region for sesongen, og arrangementet blir litt annleis enn vi pleier.
Vi vonar du vil bli med på ei kjekk og sosial helg, og vere med på å gjere dette til ein ny tradisjon.
🏆 Denne prøva i april er også tildelt CACIT.
HOVUDKVARTER
Sekretariat, opprop og jegermiddag blir på Elvehagen Hotell på Sande (ca. 35 min køyring til terrenget).
FELLES MIDDAG FREDAG
Felles middag fredag 17. april kl. 18.00 på hotellet: storfegryte.
Pris: kr 180,-.
Dei som ikkje bur på hotellet, melder seg på middagen direkte til hotellet (tlf. 95480645) seinast kl. 08 fredag morgon.
JEGERMIDDAG
Jegermiddag laurdag 18. april kl. 20.00 på hotellet: raspeball med saltkjøt.
Pris: kr 230,- inkludert kaffi og kake.
Dei som ikkje overnattar på hotellet, melder seg på middagen direkte til hotellet (tlf. 95480645) seinast kl. 08 laurdag morgon.
➡️ VK: kval fredag, finale laurdag
➡️ UK og AK: fredag, laurdag og søndag
SEKRETARIAT
Elvehagen Hotell på Sande
Sandevegen 163, 6973 Sande i Sunnfjord.
OPPROP
Alle dagar kl. 08.00 utanfor Elvehagen Hotell på Sande. Det blir bålpanne og kaffi.
OVERNATTING PÅ HOVEDKVARTER ELVEHAGEN HOTELL:
På grunn av eigen avtale med Elvehagen må booking av rom gjerast via e-post eller telefon. Ikkje via nettsida.
Ring eller send e-post til Fredrik Fjellestad, [email protected] / 95480645
Bookinga må innehalde:
- Merk med: Gaularfjellsprøven
- Fullt namn
- Frå-Til dato
- Middag fredag ja/nei
- Jegermiddag lørdag ja/nei
- Antall hundar (200 kr pr hund)
FRAMVISING AV HELSEBOK
Ved henting av premiar må ein framvise helsebok. I tillegg blir det teke stikkprøver, så alle må ha hunden si helsebok med på prøva.
APPORTBEVIS
Ønskjer du å prøve på apportbevis, ta kontakt med arrangør.
PREMIEUTDELING
Laurdag etter jegermiddagen, søndag fortløpande i sekretariatet. (Om du ikkje skal delta på middag, kan premien hentast i sekretariatet.)
KONTAKT PRØVEKOMITEEN
➡️ Prøveleiar
Jonas Njøsen Hilding
[email protected]
95753053
➡️ Leiar fuglehundutvalet
Adele Haaland Hilding
[email protected]
97075874
🚨 PÅMELDING INNAN 5. APRIL 🚨
UK og AK: kr 500
VK: kr 550
Finale VK: kr 300
Påmelding skal skje på nettsida til NKK.
Link til info på nettsida:
https://www.njff.no/sogn-og-fjordane/jakthund?accordion_section=0-1accordion_section=0-1
Advertisement
Event Venue
Gaularfjellet, Sande I Sunnfjord, Sogn Og Fjordane, Norway, Førde
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










