Advertisement
Dette kurset er no fullt, men det er sett opp eit nytt kurs 10-11. april. Start fredag kl. 18.30-22.00 og laurdag kl. 10.00-ca. 16.00.
De får lære å lage deigar, heving, forming og steiking. Fredag lagar vi pizza til kveldsmat og har litt teori og førebur deigar til laurdag. Vi ser på surdeig og lagar ulike startdeigar og det som skal stå i bløyt over natta.
Laurdag morgon lagar vi ulike deigar til brød og småbakst. Når deigane har fått kvilt skal dei slåast opp og formast. Til lunsj blir det suppe og nysteikt småbakst. Brøda som vi lagar får de med dykk heim og kanelknutar smakar vi på til kaffien medan brøda steiker. Då blir det og oppsummering og evaluering av kurset.
Oppskriftene kan like godt brukast til baking i vanleg steikeomn og de får lære korleis ein steiker gode brød og anna bakst i vanleg steikeomn.
Kursprisen er kr. 1200 per person. Det inkluderer kurs med oppskriftshefte, alle måltid og fleire brød med dykk heim.
Påmelding innan 10. april 2026.
For meir informasjon eller påmelding, ring 951 46 531 eller send ein e-post til [email protected].
Full oversikt over alle kursa som er lagt ut for våren 2026 finn du på www.fjordamattunet.no.
Advertisement
Event Venue
Fjordamattunet, Dalevegen 71, 6847 Vassenden, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











