Advertisement
Ein konsert som får Kork-blåsarane til å skine, saman med to virtuose solistar.Christian Eggen, dirigent
Jon Gjesme, fiolin
Joachim Carr, piano
Aaron Copland: Ceremonial Fanfare
Dmitrij Sjostakovitsj: To Scarlatti-stykke
Samuel Barber: Mutations of Bach
Aaron Copland: Fanfare for the Common Man
Alban Berg: Kammerkonsert for fiolin, klaver og
Eit fullt symfoniorkester skal sjølvsagt ha både strykarar og blåsarar, men nokon gonger skal ein kjenne på luksusen det er å høyre den klåre blåsarklangen udekt av lyden frå strykarar.
Vi får tre amerikanske stykke for berre messing (og litt slagverk). Det eine, «Fanfare for the Common Man», skulle vore ein hylling til amerikanske soldatar under den siste verdskrigen, men med den musikalske krafta og tittelen, for det vanlege menneske, er det blitt ein klassikar i konsertsalen.
Forutan ein Copland-fanfare til, Barbers messinghyllest til ein av sine komponistheltar og ein sjarmerande raritet av eit blåsararrangement av Scarlatti, er hovudverket ein 100 år gammal klassikar.
Skjønt klassikar: Det er for somme framleis ei utfordring å dukke ned i Alban Berg og ein musikk som er på god veg frå dur og moll og kjende harmoniar. Legg ein forventningane om slikt til side, vil ein annan venleik komme fram. Ei rik verd av klangar og underlege rom og krokvegar. Dette anbefaler vi av heile vårt hjarte, og alt med to virtuose solistar i front. Jon Gjesme er frå eigne rekker, og Joachim Carr er ein av våre beste pianistar, endeleg tilbake i Kork.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
NRK Store Studio, Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1,Oslo, Norway
Tickets