Advertisement
Friluftsforedrag om utandørsklatring i Ørsta/VoldaDrøymer du om å flytte klatringa ut av hallen og opp i frisk luft? Rundt Ørsta/Volda finst det eit mangfald av klatremoglegheiter – frå lett tilgjengelege bolta ruter til luftig trad- og fleirtaulengdeklatring i spektakulære omgjevnader.
I dette foredraget får du ei inspirerande innføring i utandørsklatring i Ørsta, Volda og omegn. Vi ser nærare på kva uteklatring inneber, kva ferdigheiter og førebuingar som trengst, og korleis du kan ta steget frå inne til ute på ein trygg og motiverande måte.
Du får òg tips til gode og populære klatrefelt i regionen, samt råd om utstyr, tryggleik og etikk – slik at du kan klatre med respekt for både naturen og andre brukarar.
Målet med foredraget er å senke terskelen og inspirere fleire til å oppleve gleda ved klatring ute i naturen. Enten du er heilt ny innan uteklatring eller nysgjerrig på nye felt og moglegheiter, er dette foredraget for deg.
Foredraget er i regi av DNT Sunnmøre og Sunnmørsk Klatreklubb. Foredragshaldar er Sivert Aarflot Eikrem, som er engasjert i klatreklubben (mellom anna i styret).
Velkomen til ein kveld med klatreglede, kunnskap og inspirasjon!
Foredraget startar kl. 19.00.
Kom og få smaken av eventyr – vi sjåast!
Fleire spennande friluftsforedrag i april
Saman med Sparebanken SMN1 inviterer vi til fleire inspirerande foredrag om friluftsliv på Sunnmøre. Sjå full oversikt over alle friluftsforedraga i april på nettsida vår.
Advertisement
Event Venue
Ørsta folkebibliotek, Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge, Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






