Henrik Sandstad Dalen har det siste tiåret gjort seg kjend i hovudstaden, det ganske land og på kontinentet med grupper som Sex Magick Wizards, Trondheim Jazzorkester, Dahl/Dalen/Søvik og Ole Mofjells 3 Days of Maceration. Sistnemnde gruppe vitja Sommarljom med stor suksess i 2024. I dette høve har Dalen satt saman ein flunkande ny trio beståande av Inga Stenøien, som dei siste åra har skapa furore i inn- og utland for si særs uortodokse tilnærming til den klassiske gitaren, og den legendariske Gøteborgsbaserte lydkunstnaren, performanceartisten og avantegardistiske poeten Pär Thörn (SE).
Ta med opne øyrer og eit opent sinn for det som utan tvil blir eit ekstravagant lyd- og poesigilde på Tredet denne laurdagskvelden!
Pär Thörn, poesi og elektronikk
Inga Stenøien, gitar
Henrik Sandstad Dalen, kontrabass
Event Venue
Tredet, Halkjelsgata 8, 6100 Volda, Norge, Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






