Advertisement
Vinje SV inviterer til ope møte på Austbø Hotell i Rauland onsdag 6. mai kl. 18:00Like nedanfor Austbø hotell ligg “Podden”, eit av dei største våtmarksområda i Vinje kommune. Her er det observert 68 fugleartar, der heile 15 er raudlista! Dette området er også viktig både for hekking og fuglar på trekk.
Vinje SV inviterer til eit temamøte der me får lære meir om området, fuglelivet og diskutere om dette området fortener vern.
Fugleentusiast og stiftar av BirdLife Indre Telemark, Kjell Bitustøyl, kjem og deler av sin kunnskap. Kjell har med seg Morten Rask Arnesen, ein av dei mest erfarne fugle-ekspertar i Telemark.
Dei meiner at Vinje kommune har brukt mykje ressursar på å legge til rette for utbygging, men lite på kartlegging og dokumentasjon om konsekvensane for fuglar og dyr. Vinje kommune har særskilt artsansvar for berganda som blei “tildelt” kommunen i 2008 av Miljødepartementet.
Vinje SV ynskjer alle interesserte velkomen til ein informativ kveld!
Advertisement
Event Venue
Austbø Hotell, Rjukanvegen 195,Rauland, Notodden, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







