Forsommarkonsert på Lauget med Kvernberg/Bjørdal

Fri, 05 Jun, 2026 at 08:00 pm UTC+02:00

Lauget | Stryn

Gloppen Musikkfest
Publisher/HostGloppen Musikkfest
Forsommarkonsert p\u00e5 Lauget med Kvernberg\/Bj\u00f8rdal
Advertisement
Gloppen Musikkfest inviterer til forsommarkonsert på Lauget!
Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal har dei siste åra utvikla eit tett og spanande duosamarbeid, der folkemusikk og kunstmusikk møtest på ein måte som kjennest både sjølvsagt og overraskande. I samspel og arrangement spelar dei på kvarandre sine sterke sider: det rytmiske drivet, dei små nyansane og den munnlege tradisjonen frå folkemusikken, og det klanglege, dynamiske og virtuose frå kunstmusikken.
Jorun Marie Kvernberg er ein av dei mest markante folkemusikarane i landet, kjend både som felespelar, hardingfelespelar, songar og komponist. Ho har ei heilt eiga formidlingsevne og eit uttrykk som rommar både det rå, vare og det finurlege. Som komponist har ho markert seg sterkt, mellom anna med Edvardprisen..
Kristina Farstad Bjørdal er ein særs allsidig akkordeonist og trekkspelar, med bakgrunn frå både folkemusikk, improvisasjon, samtidsmusikk og klassisk musikk. Ho har ei sjeldan evne til å finne balansen mellom det kraftfulle og det lyttande, og tilfører samspelet både presisjon, varme og stor musikalsk energi. Bjørdal er òg ein viktig tradisjonsberar innan folkemusikken på trekkspel, og vart i 2021 tildelt Bolstadprisen for arbeidet sitt.
På konserten får publikum møte Jorun Marie Kvernberg sine eigne komposisjonar, mellom anna utdrag frå verket Insomnia, i tillegg til duoen sine eigne arrangement av folkemusikk. Her ligg både sterke forteljingar, drivande rytmikk, vakre melodilinjer og stor speleglede i botnen. Kanskje dukkar det også opp ein tango eller to.
Advertisement

Event Venue

Lauget, Grandavegen 28, 6823 Sandane,Sandane, Stryn, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Stryn

Lustramarknaden 2026 - jubileumshelg!
Fri, 05 Jun at 04:00 pm Lustramarknaden 2026 - jubileumshelg!

Rådhusvegen 5, Gaupne, 6868

Brefestivalen 2026
Fri, 05 Jun at 04:00 pm Brefestivalen 2026

breheimsenteret

Open dag Avery Dennison NTP
Fri, 05 Jun at 04:00 pm Open dag Avery Dennison NTP

Gaupnegrandane 19, 6868 Gaupne, Norge

Motorfestival Stryn 2026
Fri, 05 Jun at 05:00 pm Motorfestival Stryn 2026

Stryn Sentrum

Todagers inne- til ute klatrekurs
Sat, 06 Jun at 09:00 am Todagers inne- til ute klatrekurs

Årdal

\u00c5rdalsmarknaden 2026
Sat, 06 Jun at 10:00 am Årdalsmarknaden 2026

Farnesvegen 3, 6884

Spesialutstilling for spaniels
Sat, 06 Jun at 12:00 pm Spesialutstilling for spaniels

Gaupne

Konsert & SUP-safari p\u00e5 Hesteberget
Sat, 06 Jun at 12:00 pm Konsert & SUP-safari på Hesteberget

Stranda, Møre og Romsdal

KONSERT STAYSMAN - PETTER KATASTROGE - SPELLOPPMAKER
Sat, 06 Jun at 08:00 pm KONSERT STAYSMAN - PETTER KATASTROGE - SPELLOPPMAKER

Perhusvegen 24, 6783 Stryn, Norge

Bibelhelg for unge-voksne i Oldedalen 2026
Wed, 10 Jun at 06:00 pm Bibelhelg for unge-voksne i Oldedalen 2026

Oldedalen

Stryn is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Stryn Events