Bibelhelg for unge-voksne i Oldedalen 2026

Wed, 10 Jun, 2026 at 06:00 pm to Sun, 14 Jun, 2026 at 12:00 pm UTC+02:00

Oldedalen | Stryn

Bibelhelg for unge-voksne i Oldedalen 2026
Advertisement
Velkomen til bibelhelg for unge-voksne i Oldedalen 10. – 14. juni 2026!
Vi har nok ein gong gleda av å invitere til ei innhaldsrik langhelg i naturskjønne Oldedalen, og med oss som talar har vi fått Jan-Tore Olsen!

🏞️ Oldedalen er ein vakker dal som ligg i Stryn kommune på Vestlandet, omringa av majestetiske fjell, ville fossar og eventyrlege isbrear. Den vert faktisk omtala som den mest eventyrlege vandredalen i Noreg!
Les gjerne meir om Oldedalen her: https://www.nordfjord.no/Oldedalen
Inspirasjonsfilm frå Oldedalen:

⛪ Vi inviterer til bibeltimar og kveldsmøter i det vesle kapellet Ljosheim som ligg midt i dalen.
Programmet for helga kjem snart.

🌿 Sarepta
Det er organisasjonen Sarepta som står som arrangør av bibelhelga. Du kan lese meir om dei på https://misarepta.no/, men kort fortalt er Sarepta ein liten organisasjon som driv misjonsarbeid i Norden og i Spania. Dei arbeider for å skape møteplassar mellom menneske og Guds Ord, slik at stadig fleire skal få bli kjent med Jesus.

📖 Talar
Denne gongen har vi gleda av å meddele at det er Jan-Tore Olsen som vert med oss som talar. Han og kona har vore misjonærar i Bolivia, og han har også jobba som lærar på Fjellheim Bibelskule i Tromsø. Han reiser no som forkynner i Sarepta, som han var med på å starte.

🌸 Målgruppe
Målgruppa for bibelhelga er unge-vaksne i alderen 20 – 45 år (med evt. baby opp til 1 år), men møta, bibeltimane og fjellturane er opne for alle, i alle aldarar! Oldedøler, Oldarar, Vikjarar, Loarar, Stryningar og andre lokale er ekstra velkomne til bibeltimane, kveldsmøta og fjellturane!

🏔️ Aktivitetar
På dagtid inviterar vi til ulike aktivitetar, både til lands og til vanns. Alle aktivitetane er frivillige så ein står fritt til å legge opp dagane akkurat slik ein sjølv ønskar.
I Oldedalen er det er mange naturperler å velje mellom, og det vert mogleg å bli med på fjellturar av ulik vanskelegheitsgrad.
For dei som derimot ikkje ønskar å bryne seg på fjelltoppane er det blant anna mogleg å leige kano eller trøbåt, shoppe souvenirar, ta Skyliften i Loen, ta badstu og isbade, buldre, bade eller fiske. Vi legg også opp til sosiale aktivitetar på dagtid og kveldstid.
Ein av dagane vert det mogleg å delta på ei flott lokalmat-oppleving på Aabrekk Gard. Her vert det mogleg å smake på blant anna hjortegryte, kjekjøt og kjepølse med minipavlova til dessert. Dokke vil også få servert litt lokal historie. Dette kostar 400 kr per pers og vil vere alternativ til lunsj ein av dagane.

🧀 Måltid
Middag får vi servert torsdag, fredag og laurdag i den flotte kafeen på Aabrekk Gard (garden ligg mellom Ljosheim kapell og Melkevoll Bretun). Prisen er inkludert i deltakaravgifta.
Frukost, lunsj og kvelds ordnar den enkelte sjølv. Det er kjøkken på alle hyttene, og for dei som søv i telt, bobil eller hengekøye er det kjøkken og grillhytte på Melkevoll Bretun. Næraste matbutikk er i Olden så hugs å handle før du tek fatt på siste etappa opp i Dalen.

🏠 Overnatting og pris
Vi har booka hytter på Melkevoll Bretun og Aabrekk Gard. Her er det førstemann til mølla. Resten av dokke må ordne overnatting sjølv.
• Deltakeravgift: 1200 kr (inkl. middag 3 dagar)
• Enkeltrom 4 netter – 2500 kr (eks. deltakeravgift)
• Dobbeltrom 4 netter – 2100 kr (eks. deltakeravgift)
• Enkeltrom 3 netter – 2000 kr (eks. deltakeravgift)
• Dobbeltrom 3 netter – 1600 (eks. deltakeravgift)
*Med forbehold om små justeringar av prisen
*Utvask av hyttene er inkludert i prisen.
*Sengetøy & handkle kan leigast for 125 kr pr sett.
*Det er viktig at dokke som ikkje bookar dokke inn på hyttene belagar dokke på å benytte dokke av campingplassens kjøkken og sanitæranlegg, og ikkje overbelastar kjøkken og bad på hyttene, sjølv om dokke kjenner folk som bur der.
Andre overnattingsmoglegheiter:
• Telt, hengekøye eller bobil på Melkevoll Bretun
• Innvik Fjordhotell i Innvik
• Briksdalbre Fjellstove
• Oldevatn Camping
• Gryta Camping
• Olden Camping
• Hotel i Olden og Loen
• Airbnb

✔️ Påmelding
Du melder deg på ved å fylle ut dette skjemaet:
https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSefbpd1qnITUMwiFFWFtqzWPD99VtXgRj9DGfYF6O7dxbZQDQ/viewform?usp=publish-editor
Påmeldingsfrist: 10. mai 2026.

❓Ved spørsmål kan du kontakte Andrine:
[email protected]
99599452

🌱 Vi håpar at dette blir ei helg der du får komme avsides med Jesus, få påfyll av god undervisning, og at du får med deg nye vennskap og mange flotte minner til å lime inn i minneboka!
Varmt velkomen til bibelhelg!
Kom som du er, midt i livet som det er.

Arrangementskomiteen
Geirid Aune Klepaker og Andrine Kvamme
Advertisement

Event Venue

Oldedalen, Stryn, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Trips-adventures in StrynCamping in Stryn

Ask AI if this event suits you:

More Events in Stryn

OUTDOOR WORLD CUP STUDIO AT OLEBUDA
Thu, 11 Jun at 01:00 pm OUTDOOR WORLD CUP STUDIO AT OLEBUDA

Maråkvegen 19, 6216 Stranda, Norway

Strynefestivalen 2026 \/\/ FESTIVALPASS I SALG N\u00c5!
Thu, 11 Jun at 04:00 pm Strynefestivalen 2026 // FESTIVALPASS I SALG NÅ!

Hjelledalen 6798, 6798 Stryn, Norway

LustRabalder 2026
Fri, 12 Jun at 09:00 pm LustRabalder 2026

Parken, Gaupne

BingoPower Classic 2026
Sat, 13 Jun at 12:00 pm BingoPower Classic 2026

Pyramiden Senter

514 COUNTRY 2026
Sat, 20 Jun at 04:00 pm 514 COUNTRY 2026

Nordfjordvegen 2122, 6779 Holmøyane, Norway

Bibelsommar i vest 2026
Mon, 29 Jun at 06:30 pm Bibelsommar i vest 2026

Lyngmo Ungdomssenter

Stryn is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Stryn Events