Advertisement
For ikkje så lenge sidan verka det som om demokrati var framtida for heile verda. Fire milliardar menneske levde i ei form for demokrati, og stadig fleire land slutta seg til den demokratiske verda. No er det berre halvparten igjen.Eit overveldande fleirtal av verdas befolkning lever no i diktatur. Korleis skjedde dette, og kva kan vi gjere for å snu trenden?
Førsteamanuensis David Erland Isaksen gir ei innføring i korleis demokratisk tilbakegang i nye demokrati, rekordstor misnøye med styreforma i etablerte demokrati og press og påverknad frå autoritære regime til saman har ført oss inn i ei global demokratikrise og ei meir utrygg verd.
Isaksen er førsteamanuensis i kommunikasjon ved Universitetet i Sørøst-Norge, med doktorgrad i retorikk. Han forskar særleg på politisk debatt, språkmønster og samanhengar mellom språk og vald.
Arrangementet er ein del av prosjektet "Litterær beredskap i ei uroleg tid" og er støtta av Fritt ord.
Gratis inngang.
Advertisement
Event Venue
Hemsedal bibliotek, 3560 Hemsedal, Norway, Skarsnuten Management, 3560 Hemsedal, Norge, Lillehammer, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










