Boklansering og kunstnersamtale: Lars Korff Lofthus

Tue Nov 26 2024 at 06:00 pm UTC+01:00

Rådhusgata 25b, 0158 | Oslo

LNM
Publisher/HostLNM
Boklansering og kunstnersamtale: Lars Korff Lofthus
Advertisement
Tirsdag 26. november kl. 18:00-20:00​​ i LNM
LNM inviterer til kunstnersamtale og boklansering med Lars Korff Lofthus og redaktør og skribent Cecilie Almberg Størkson. Det vil bli lett servering av snacks og eplecider.
ATTRÅ er ei bok om kunstnarskapet til Lars Korff Lofthus, med fokus på maleri, skulptur og trykk frå dei siste fem åra. Boka, som er ein såkalla kunstnarmonografi, tilbyr ei intim fordjuping i ei bildeverd der vestlandsnatur, skeivt begjær og folkekunstuttrykk eksisterer side om side. I tillegg til tekstar skrivne av Merete Jonvik, Bjørn Hatterud og Lars Korff Lofthus sjølv, inneheld boka eit omfattande biletmateriale, med foto av Lofthus sin rikhaldige maleriproduksjon og bilete frå kunstnaren sitt studio og heimstaden hans i Hardanger. Boka tilbyr dessutan lesaren eit innsyn i prosessane bak arbeida, gjennom utklipp, bakgrunnsmateriale og skisser henta frå kunstnaren sitt arkiv. ATTRÅ er utgitt av Entrée, og utforma av designar Øystein Arbo. Bent René Synnevåg er fotograf, og Cecilie A. Størkson har vore redaktør for boka.
«Kunstnarskapet viser både fingeren til og klemmer tradisjonane. Humrar, kritiserer, kjæler og koser. Det løftar fram spørsmål som: Kva skil tradisjonar frå konvensjonar? Kva får plass i tradisjonane? Kor mykje kan dei bøyast og tøyast? Korff Lofthus brukar det tradisjonsrike og gir det nye fargar, design, kontekstar. Puttar noko nytt inn i noko eldre. Puttar seg sjølv inn i tradisjonen. For kunstnaren er òg ein karakter i sin eigen kunstnariske praksis, og slik er det kanskje for alle, men det er særskilt tydeleg hos Korff Lofthus gjennom måten han brukar den stadbundne praksisen til å finna ut korleis han kan vera den han er, der han er, saman med andre. Tematiserer identitet. Tematiserer begjær. Tematiserer det å høyra heime. Eller ikkje.
Identitet er knytt til kjensla av å kjenna seg heime – i sin eigen kropp, si eiga tid, på ein stad. Innanfor dette kan overskriding av grenser vera naudsynt, kjennast naudsynt – til og med livsnaudsynt. Alle må vi finna måtar å vera levande på som vi synst er passande. Finna ut korleis vi skal vera i verda. Ein del av dette handlar om å finna vårt eige språk. Vår eiga drakt vi kan gå i, som vi kjenner oss vel i. Det kan ta tid å finna denne, eller ikkje. Det kan vera problematisk, eller det kan gå føre seg utan nemneverdig bry for hjerne eller hjarte. Korff Lofthus sin praksis innbyr til å tenkja over at den siste vegen er den enklaste.»
- Merete Jonvik (utdrag frå essay)
________
I Lars Korff Lofthus (f. 1978) sine måleri, løyser det måleriske abstrakte og figurative seg opp i kvarandre. Han vil at det måleriske i seg sjølv skal kunne vise sensualitet, sårbarheit, overskot og risiko. Korff Lofthus leitar etter materiale i museumsarkiv, bøker og homoerotikk og forsøker å lage tablå der natur, begjær og tradisjon flyt saman i nye situasjonar. Han har ein brei utstillingspraksis og er i tillegg engasjert i skriving, formidling og kuratering. Arbeida hans er innkjøpt av mellom anna Nasjonalmuseet, KODE Kunstmuseer og komponisthjem, Oslo kommune og Equinor. Han delar tida og arbeidet sitt mellom Bergen, der han inntil nyleg var fyrsteamanuensis på Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD/UiB), og atelieret sitt i Hardanger.
Cecilie Almberg Størkson (1986) er ein forfattar og kulturarbeidar med base i Bergen. Ho har ein BA i kunst (Kunsthøgskolen i Bergen), ein MA i kunsthistorie (UiB) og har vore student ved Forfatterstudiet i Tromsø. I 2021 debuterte ho med diktsamlinga Ein alvorleg sjukdom. I tillegg til frilansverksemd jobbar ho på Hordaland kunstsenter.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Rådhusgata 25b, 0158, Rådhusgata 25, 0158 Oslo, Norge,Oslo, Norway

Discover more events by tags:

Art in Oslo

Sharing is Caring:

More Events in Oslo

Craft Night + Carabiner Decoration Workshop w\/ Sappho's Friends
Tue Nov 26 2024 at 05:00 pm Craft Night + Carabiner Decoration Workshop w/ Sappho's Friends

Skeivt Kunst- og Kultursenter / SKOKS

Pizzakveld med GUM
Tue Nov 26 2024 at 05:00 pm Pizzakveld med GUM

Det odontologiske fakultet

Seneffekter etter kreftbehandling \u2013 LEV BEST MULIG
Tue Nov 26 2024 at 05:00 pm Seneffekter etter kreftbehandling – LEV BEST MULIG

Radiumhospitalet, Oslo

Boklansering og miniutstilling
Tue Nov 26 2024 at 05:00 pm Boklansering og miniutstilling

Kunstnernes Hus

Kreativ AI Meetup #7
Tue Nov 26 2024 at 05:30 pm Kreativ AI Meetup #7

Trekanten

Damenes Aften - Jentenes julebord
Tue Nov 26 2024 at 05:30 pm Damenes Aften - Jentenes julebord

Refstadveien 27, 0589 Oslo, Norway

Dark Tranquillity + Moonspell \/ Vulkan Arena \/ Pres. av Radar Booking
Tue Nov 26 2024 at 07:00 pm Dark Tranquillity + Moonspell / Vulkan Arena / Pres. av Radar Booking

Vulkan 26, 0178 Oslo, Norway

Kvartettserien: Oslo Strykekvartett
Tue Nov 26 2024 at 07:00 pm Kvartettserien: Oslo Strykekvartett

Gamle Logen

Julia Holter \/\/ John Dee
Tue Nov 26 2024 at 07:00 pm Julia Holter // John Dee

Rockefeller / John Dee / Sentrum Scene

IDA M & Venner (DJs) @MIR
Tue Nov 26 2024 at 07:00 pm IDA M & Venner (DJs) @MIR

Toftes gate 69, 0552 Oslo, Norway

Dark Tranquillity, Moonspell in Oslo
Tue Nov 26 2024 at 07:00 pm Dark Tranquillity, Moonspell in Oslo

Vulkan Arena

Oslo is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Oslo Events