Bjørn Tomren på Hesthamar skrivargard

Sat Jul 04 2026 at 06:00 pm to 11:00 pm UTC+02:00

Fjordavegen 4581, 5778 Hesthamar, Norway | Voss

Skrivarens Venelag
Publisher/HostSkrivarens Venelag
Bj\u00f8rn Tomren p\u00e5 Hesthamar skrivargard
Advertisement
Konsertarena og sal av mat/drikke opnar kl. 18.00. Konserten startar kl. 19.00.
Merk at dette er eit utearrangement så klede etter være er å anbefale.
Billettar:
Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike uttrykk og si eineståande formidlingsevne rakk Tomren på kort tid å bli allemannseige, og vart omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Bjørn følgde opp TV-suksessen med ein lang turné og utselde konserthus over heile landet, som kulminerte i tre fullstappa konsertar i Oslo Konserthus.
Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er òg kjend frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha og vorte stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølve, «Kunsten å jodle». I 2019 gav Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction», til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at ein kan drukne i ho». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi-country som du kan lytte til i bakrus.
Som ein av landets mest allsidige musikarar spenner Tomren si musikalske rekkevidd frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk protestmusikk.
Bjørn Tomren har òg gjennomført fleire ekspedisjonar og innehar verdsrekorden i flest forseringar av Noreg på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt.
Han kan òg sjå attende på ein kort karriere som klovn. Eller som forfattaren Erlend Loe seier det:
«Bjørn Tomren er ikke bare en gudbenådet musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul».
Stjernekamp er ikkje den første konkurransen der Tomren gjer seg bemerka. I 2017 deltok han i verdsmeisterskapen i strupesong i Tuva, og tok med seg heim ein bronsehest.
Advertisement

Event Venue

Fjordavegen 4581, 5778 Hesthamar, Norway, Fjordavegen 4581, 5778 Ullensvang, Norge, Voss, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Voss

Dynafit Hardangerj\u00f8kulen 2026 - 34K
Sat, 11 Jul at 09:00 am Dynafit Hardangerjøkulen 2026 - 34K

Liseth Pensjonat & Hyttetun A/S

ODD NORDSTOGA med band \/\/ tba - Kvemmadokkje 2026
Sat, 11 Jul at 06:00 pm ODD NORDSTOGA med band // tba - Kvemmadokkje 2026

Byrsevegen 100, 5730 Ulvik i Hardanger, Norway

Odd Nordstoga in Ulvik
Sat, 11 Jul at 06:00 pm Odd Nordstoga in Ulvik

Tr\u00e5kk sommertur 2026
Mon, 20 Jul at 08:00 pm Tråkk sommertur 2026

Vikøyvegen 280, 5600 Norheimsund, Norge

Yoga Qigong & fjell retreat - Voss fjellyoga (1 ledig plass)
Thu, 23 Jul at 05:00 pm Yoga Qigong & fjell retreat - Voss fjellyoga (1 ledig plass)

Vikeshagen 78, Voss

Hellbillies in Lofthus
Sat, 25 Jul at 04:00 pm Hellbillies in Lofthus

Lofthus Ekspedisjon

Voss is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Voss Events