Benedicte Maurseth`s "Mirra"

Thu, 26 Mar, 2026 at 08:00 pm UTC+01:00

Spor 5 | Stavanger

Stavanger jazzforum
Publisher/HostStavanger jazzforum
Benedicte Maurseth`s "Mirra"
Advertisement
Då Benedicte Maurseth gav ut albumet Hárr (Hubro Records) i 2022, vart den visjonære og internasjonalt anerkjende hardingfelespelaren hylla for å ha skapt eit meisterverk. Albumet vart tildelt Nordic Music Prize, samt kåra til eit av dei 10 beste folkemusikkalbum i verda av The Guardian. I 2025 kom oppfølgjaren Mirra, og
denne gong er det villreinen nær Mauseths heimtrakter ved Hardangervidda som har solistrolla.
«Mirra» er eit eldre utdøydd dialektord frå Hardanger som skildrar når reinen spring samla i sirkulerande sirkel, både for å halde varmen, men også for å halda unna rovdyr. Eller det vart bruka for å skildra at det «myldra» av rein. Verket følgjer delar av villreinens åtferd og årsyklus, der også deira distinkte lydar er ein viktig del av komposisjonane. Alt dikta med utgangspunkt i folkemusikkens suggererande gjentakingar, inspirert av minimalisme, krautrock, og fri improvisert musikk.
Mirra har sidan lanseringa motteke svært gode kritikkar nasjonalt og internasjonalt, der Morgenbladet mellom anna skreiv «Mektig er kanskje ikke et stort nok ord for Benedicte Maurseths Mirra», og Dag og Tid omtalte albumet som eit «minimalistisk meisterverk». The Guardian trekte det mellom anna fram som Folk Album of the Month. Alt forma og framført i samspel med nokre av Noregs fremste musikarar innan jazz- og samtidsmusikk, Mats Eilertsen, Morten Qvenild og Håkon Mørch Stene.
Besetning;
Benedicte Maurseth (hardingfele) Håkon Stene (rytmisk og melodisk slagverk, elektronikk) Mats Eilertsen (kontrabass, el-bass) Morten Qvenild (piano, elektronikk)

Konserten er en del av Vestnorsl jazzsenter sin turneodning Den Musikalske Stamvegen
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Spor 5, Jernbaneveien 3-5,Stavanger, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Stavanger

 English Standup - March 26th
Thu, 26 Mar at 09:00 pm English Standup - March 26th

Checkpoint Charlie

Isabel Skolmen, i regi av ho Bodil \/\/ Stavangeren
Fri, 27 Mar at 06:00 pm Isabel Skolmen, i regi av ho Bodil // Stavangeren

Stavangeren

Litteraturkveld: Agnes Ravatn om Doggerland
Fri, 27 Mar at 06:00 pm Litteraturkveld: Agnes Ravatn om Doggerland

Sølvberggata 2, 4002 Stavanger, Norway

Standup Klubbkveld med Jim Swann - 27. mars
Fri, 27 Mar at 08:00 pm Standup Klubbkveld med Jim Swann - 27. mars

Folken

DANIEL MIDAS w Stavanger! 27.03.2026
Fri, 27 Mar at 09:00 pm DANIEL MIDAS w Stavanger! 27.03.2026

Stavangeren

Stavanger is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Stavanger Events