Advertisement
Kva skal skje? Historia om norsk litteratur i utlandet rommar både store gjennombrot og store utfordringar.
I denne panelsamtalen møtest Ingvild H. Rishøi, Kristin Brudevoll og Giuliano D'Amico, som har kvar sin inngang til den norske litteraturen sin veg ut i verda. Det blir ein samtale som spenner over hundre år: frå dei første omsetjingane av Ibsen, via stiftinga av NORLA i 1978, til eit rykande ferskt døme på internasjonal suksess.
Kritikar og forfattar Even Teistung leiar samtalen.
Arrangementet er eit samarbeid med NORLA.
Fosseprisen for omsetjarar blei oppretta av Regjeringa for å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse. Omsetjarprisen er den største i verda i sitt slag. Prisvinnaren er peika ut av Nasjonalbiblioteket og Jon Fosse i samråd med NORLA (Norwegian Literature Abroad).
Kven møter du?
Ingvild H. Rishøi har gitt ut bøker for vaksne og barn. Ho debuterte i 2007 med novellesamlinga La stå, og har sidan gitt ut fleire kritikarroste bøker. Dei siste to åra har ho hatt ein eventyrleg suksess i utlandet. Etter at boka hennar Stargate blei anbefalt av Oprah, og deretter plukka opp av bokklubben til artisten Dua Lipa, spreidde ho seg raskt vidare. Boka er no selt for omsetting til 30 språk.
Kristin Brudevoll var den første direktøren i NORLA, frå kontoret blei grunnlagt i 1978 og fram til 2006. I 1994 fekk ho St. Olavs-medaljen, og i 1998 Fritt Ords ærespris.
Giuliano D'Amico er professor i nordisk litteratur og leiar for Senter for Ibsen-studiar. Han er også ein del av MAP-prosjektet, som forskar på den norske litteraturen sin veg ut verda i brytningstida 1900 til 1950.
Even Teistung er kritikar, forfattar og har ein doktorgrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo.
Når og kor?
Laurdag 25. april 11–12
Nasjonalbiblioteket, Målstova
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, men du må ha husbillett for å sikre deg plass i Målstova eller eit anna rom på huset der arrangementet blir vist på storskjerm. Hent ut billett her: https://event.checkin.no/221140/25-04-100-ar-med-norsk-litteratur-i-utlandet
Med billett får dei fleste som kjem, plass i hovudsalen.
Når billettar ikkje blir henta, blir plassane fristilte ti minutt før arrangementet startar.
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet og opptaket ligg ute i 14 dagar nb.no/tv.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Velkomen!
Advertisement
Event Venue
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway, Observatoriegata 2B, 0254 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











