Advertisement
Laurdag 18. juli kl. 13.00 opnar Ørnulf Opdahl (f. 1944) utstilling med 20 - 30 heilt nye måleri!Galleriet har samarbeidd med Opdahl i over 20 år. Den siste store måleriutstillinga var i 2016, men vi har alltid inne grafikk av kunstnaren. Bileta til Ørnulf Opdahl blir til på Godøya ved innseglinga til Ålesund. Her blir måleria til i eit moderne atelier som framleis kjennes nytt. Eit hus så nær sjølinja som det er forsvarleg i eit landskap der havet står rett på. I det litt eldre atelieret litt ovanfor er golv og vegger prega av malingrestar frå alle bileta som gjer slik suksess hos folk. I dette råe Sunnmørslandskapet der fiskebåtane og hurtigruta passerar kvar dag, der fjellet Sula midt i mot endrar seg i ver og ljossetjingar, der kunstnaren sine treskuter og –båtar held til, der byen Ålesund er sentral og ikkje minst Alnes fyr heilt ytst.
Vi ser tydeleg at det er her det starta som har blitt Opdahl sine hovudmotiv dei siste 30 - 40 åra. På fjernsynet har vi sett Dronning Sonja som eleven hans i atelieret her. Samarbeidet har også blitt til bøker om norske fjell og fjordar. Den siste kom i 2025. I 2012 kunne vi sjå utstillinga «Tre reiser, tre landskap» i Baroniet Rosendal. Eit samarbeid mellom Opdahl, Kjell Nupen og Dronning Sonja. Opdahl var tidleg medviten om at han ville bli biletkunstnar og har ei lang karriere bak seg. Produksjonen hans har naturleg nok vore prega av ulike fasar. Frå tidleg fabulerande pop-art-inspirerte bilete til dagens landskap. Eit hovudskilje i kunsten til Opdahl kom rundt 1989/90. Før dette var maleria til Opdahl fylte av menneske og prega av surrealisme, i eit moderne formspråk. Etter 1989/90 er landskapet det dominerande motiv. Opdahl har tilført den romantiske landskapstradisjonen ein spontanitet som ikkje hadde vore mogleg utan modernismen og surrealismen. Ingen kan som Opdahl få fram ljoset i eit ellers mørklagd landskap!
Advertisement
Event Venue
Guddalsvegen 181, 5470 Rosendal, Norway, Guddalsvegen 181, 5472 Rosendal, Norge, Sauda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.




