Advertisement
Velkommen til vårkonsert med klassiske perler!Orkesteret Fossegrimen har denne våren eit spanande samarbeid med Fana Kammerorkester om felles konsertar i Bergen og på Voss. Dei to orkestera har øvd inn eit program i samspel, og framfører dette i Nain 21. mars, og i Korskirken, Bergen neste dag. Å slå saman orkestera slik gjev speleglede, fellesskap og eit anna klangbilete enn det orkestera har kvar for seg.
Konsertane vert haldne:
- i Nain på Voss laurdag 21.mars kl 18
- i Korskirken i Bergen søndag 22. mars kl 18
Vi framfører to vakre verk som er nye for oss, og fleire kjende og kjære meisterverk:
Dag Wirén: Serenad før Stråkorkester, opus 11
Serge Koussevitzky: Konsert for kontrabass og orkester
Jean Sibelius: Finlandia
Modest Mussorgsky: Heksenatt på Bloksberg
Eivind Groven: Hjalarljod
Solist på kontrabass er den internasjonalt kjende bassisten Igor Eliseev, til dagleg solobassist i Stavanger Symfoniorkester. Han er kjend for si forankring i St. Petersburgs bass-tradisjon og eit sterkt engasjement for å utvikla og fornya kontrabassrepertoaret, og har etablert seg som ein framifrå utøvar og lærar. Eliseev er en ettertrakta solist verda rundt, og speler på ein unik Grancino-kontrabass frå 1670.
Strykeserenaden vert leia med stø hand av Fana Kammerorkester sin konsertmeister Sergey Letyagin, som er utdanna ved St. Petersburg Statskonservatorium og tilsett i Bergen Filharmoniske Orkester sidan 2011.
Dirigent for resten av programmet er Fossegrimen sin faste dirigent Dagfinn Rohde, fiolinist i Bergen Filharmoniske Orkester i over 40 år.
Billettar til konserten på Voss i døra eller på https://fossegrimen.ticketco.events/no/nb
Billettar til konserten i Bergen vert selde i døra (kontant/Vipps #742913).
Advertisement
Event Venue
Nain, Hestavangen 20, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











