Advertisement
Køyretøy Historisk Klubb Voss ynskjer velkomen til det 19. veteranvognløpet VossaRudl’n, laurdag 30.05.2026.
Påmelding
Køyretøy må falla inn under 30-årsregelen og ha godkjent registreringsnummer for å meldast på. Med køyretøy meiner me automobilar, MC/moped og nyttekøyretøy.
Påmeldingsfristen er utvida frist for å melda seg på VossaRudl’n, MEN om du skal ha overnatting bør du melda deg på i dag! Me held ikkje av fleire rom frå om med i morgon (02.03.2026)!
Påmelding vert registrert ved at du fyller ut elektronisk påmeldingsskjema.
Bruk denne lenkja
https://arena360.no/events/79229/11305
Startområdet er lagt til Voss Hestesportsenter, på Kyte.
Dette er eit stort område, med plass til både deltakarar, besøkjande og utstillarar.
Lunsjstopp i Granvin. Målgang i Norheimsund, med Thon Hotel Sandven som løpshotell, der løpsfest med premieutdeling vert halden.
Deltakarar som ikkje skal overnatta er sjølvsagt velkomne til å delta på festen.
Dette ligg som eige val i påmeldingsskjema.
Prisar:
Deltakaravgift: kr 650,- (inkl lunsj for sjåfør)
Lunsj for passasjerar: kr 200,- per person (passasjer)
Løpsfest med 3-rettars middag: kr 795,- per person
Alt dette betalar du ved påmelding.
Straks påmelding er registrert vert deltakarar som ynskjer overnatting, tilsendt lenkje til løpshotellet, Thon Hotel Sandven.
Deltakar bestiller sjølv hotellrom og betalar overnattinga direkte til hotellet.
Meir informasjon vil koma fortløpande. Me sjåast på Voss i mai!
Nemnda for Køyretøy Historisk Klubb Voss
Advertisement
Event Venue
Voss Hestesportsenter, Reppavegen 743, 5706 Skulestadmo, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







