Vegen til ei grøn framtid. Lanseringsfest for Andre Losebok. Det såande mennesket

Sat, 14 Mar, 2026 at 02:00 pm UTC+01:00

Stord Kulturhus | Ølen

H\u00f8gskulen for gr\u00f8n utvikling
Publisher/HostHøgskulen for grøn utvikling
Vegen til ei gr\u00f8n framtid. Lanseringsfest for Andre Losebok. Det s\u00e5ande mennesket
Advertisement
PROGRAM
14.00: Standane opnar. Grøne organisasjonar presenterer seg.
14.30: Bokbad. Samtale om «Andre Losebok. Det såande mennesket» mellom spesialrådgjevar i grøn omstilling ved UiB, Jane Særsten Jünger og professor Dag Jørund Lønning.
Pause med boksal og signering. Standane er opne.
15.30: Foredrag ved Dag Jørund Lønning: Kvifor blei mennesket ein naturøydeleggar? Og korleis kan me bli det motsette?
16.30 – 17.00: Standane er opne. Boksal og signering.
Losebøkene handlar om eit komande og heilt nødvendig hamskifte: Frå det naturøydande til det naturbyggjande menneskesamfunnet.
Kan mennesket bli ein nyttig art i naturen?

Losebøkene syner leia mot eit naturnært menneskesamfunn. Mot eit EKTE grønt skifte.
Det trengst hard lut, ja, men det er ei lei me alle endå kan finna.

Losebøkene handlar om ei verd som må koma dersom menneskeætta skal ha ei framtid.
Det er ei verd som veks ut av den me har i dag, men som likevel ser heilt annleis ut.
Det er ei verd milliardar av menneske lengtar etter.
BAKSIDETEKST ANDRE LOSEBOK. DET SÅANDE MENNESKET:
Losebøkene handlar om det ekte grøne skiftet; om overgangen frå ein naturøydande til ein naturbyggjande menneskekultur.
Grøntidslos Ascendere Promoveo skal gå føre i dette enorme hamskiftet og i Andre Losebok er han i gang med eit nytt oppdrag:
Korleis skapa verdiar og byggja gode lokalsamfunn utan å øydeleggja natur?
Ei gigantisk utfordring, ja, men det er minst tre årsaker til at han kan lukkast:
1: Han har særs god hjelp. Både av verda sine aller fremste filosofar OG av Grøntidsgrenda sine sterkt engasjerte og særs lystige innbyggjarar. Her kan absolutt alt skje. Ikkje minst mykje galskap.
2: Losebøkene spelar seg ut i Grøntida, når menneske ikkje lenger har lov til å øydeleggja natur. Våre kreative krefter må mobiliserast i naturen si teneste. Og det er sanneleg utruleg kva me får til når me berre må!
3: Det menneske har skapt kan menneske endra. Me må ikkje leva erobrande og haustande. Me kan sjølvsagt leva såande i staden. Me har faktisk mange tusen år med erfaring i nettopp det..
I Andre Losebok blir det m.a. bygd ny kultur med treklossar frå ei skrapgran, konkludert i den tusenårige diskusjonen om meininga med livet, helsa på ein vaskeekte pisslamist med Øy både i fornamn og etternamn og sett nye spor i snøen som fall i fjor. Dessutan blir ein rasande industrialist effektivt kua av ein nestengreve akkompagnert av ei eik. Vidare blir forholdet mellom folk og dyr snudd på hovudet, all «energikrise» blir avslørt som vrøvl og det blir utvikla ein heilt ny og knallstilig rockesjanger. Gode mat, god drykk og skikkeleg folkefest blir det og tid til. På Vertshuset Tåskahåve så vel som på Samfunnshuset Tåskaskap.
Losebøkene høver ikkje innanfor nokon etablert sjanger. Dei skaper sine eigne. Her møtest fantasien, prosessfilosofien, idéhistoria, mold- og naturinnsikta, humoren og alvoret, mystikken, antropologien og, ikkje minst, nyskapingsfaget. Det heile blir knytt saman av forvitenskap, stor forteljarglede og eit brennande engasjement for naturen og livet.
Forfattar er professor i nyskaping, Dag Jørund Lønning. Han står også bak suksessane Jordboka (2017), Jordboka II (2019), Kompostboka (2020), Første Losebok. Naturanto (2021) og Jordboka for hagen (2024).
Advertisement

Event Venue

Stord Kulturhus, Hamnegata 1,Stord Island, Hordaland, Norway, Ølen

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Ølen

Premiere ULS forestilling
Fri, 13 Mar at 07:00 pm Premiere ULS forestilling

Vikanesveien, 5574 Skjold, Norway

Sigrid Moldestad Band. Releaseturn\u00e8
Fri, 13 Mar at 08:00 pm Sigrid Moldestad Band. Releaseturnè

Borggata 20, 5417 Stord Island, Norway

Gjenbruksdag p\u00e5 Skakke
Sat, 14 Mar at 11:00 am Gjenbruksdag på Skakke

SKAKKE - senter for skule, idrett og kultur

Laurdagskaf\u00e9 p\u00e5 bedehuset
Sat, 14 Mar at 12:00 pm Laurdagskafé på bedehuset

Bedehusvegen 15, Rubbestadneset

B\u00c5RD OSE - Beatles og kvinnene
Sat, 14 Mar at 05:30 pm BÅRD OSE - Beatles og kvinnene

Borggata 20, 5417 Stord Island, Norway

ULS forestilling m\/dans
Sat, 14 Mar at 07:00 pm ULS forestilling m/dans

Vikanesveien, 5574 Skjold, Norway

HAVDUR og Sigurd Sele syng Vreeswijk
Sat, 14 Mar at 08:00 pm HAVDUR og Sigurd Sele syng Vreeswijk

Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes, Norway

\u00c5GE'S ALLSANGBINGO L\u00d8RDAG 14 MARS P\u00c5 GRUO PUB
Sat, 14 Mar at 08:00 pm ÅGE'S ALLSANGBINGO LØRDAG 14 MARS PÅ GRUO PUB

Sagvågsbrekko 6, Stord Island

Tur med Barnas Turlag: S\u00f8ndagstur i Hollundsmarka
Sun, 15 Mar at 11:00 am Tur med Barnas Turlag: Søndagstur i Hollundsmarka

Espira Hollund

Ølen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Ølen Events