Advertisement
Nysgjerrig på kva indisk klassisk musikk er? Då er det berre å kome på konsert!Medverkande
- Harpreet Bansal - fiolin
- Svante Henryson - cello
- Song Circus - vokalgruppe
Musikk i monsunens natt
Når regnet fell over India i monsunen, stansar ikkje alt opp – tvert om. Det veks fram eit eige poetisk og musikalsk landskap, der venting, lengt, sorg og håp får klangbotn i regnet sitt rytmiske språk.
Ordet Varshakala kjem frå sanskrit og kan omsetjast med «regntid» eller «regnkunst». Det er òg tittelen på dette særs stemningsfulle verket, skapt i spenningsfeltet mellom improvisasjon, tradisjon og samtidsmusikk.
Fiolinisten Harpreet Bansal og cellisten Svante Henryson har begge bakgrunn frå både klassisk musikk, indiske ragaer og improvisasjon. Saman med det utforskande vokalensemblet Song Circus inviterer dei publikum inn i ei natt full av klangar – eit musikalsk ritual som kallar på regnet og stilla, og på draumane som ventar i mørkret.
Musikken rører seg i bølgjer – frå det intime og sårbare til det suggererande og ville. Stemmer og strengeinstrument fargar kyrkjeromet med mikrotonale nyansar og droneliknande lydlandskap. Resultatet er ei oppleving utan klare grenser mellom det meditative, det rituelle og det djupt menneskelege.
Varshakala er ikkje berre ein konsert, men ei reise – gjennom ei natt i regntida, der alt kan skje.
🎫 BILLETTINFORMASJON
Pris: 375 kr
📸 Sveinung Hoel Bjorå
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ullensvang Kyrkje, Ullensvang Kyrkje, Kyrkjevegen, 5781 Lofthus, Norge, Voss, Norway
Tickets