Advertisement
Me i Hardanger Musikkfest liker å mikse musikk og sider! 🤝 Velkomen til ein kveld der sider, historier og musikk møtest i god stemning! To av Hardanger sine stolte siderprodusentar – Eirik frå Hardanger Saft- og Siderfabrikk og Ingrid frå Hardangerbonden – deler si lidenskap for handverkssider, frå eple til flaske. Her får du smaka gylne variantar, høyra om prosessen bak dråpane og møte folka bak flaskene.
Kvelden vert krydra med musikalske innslag frå festivalartistane – eit sjeldant møte mellom lokal smak og levande klang. Hardingfele, strykarar, stemmer og perkusjon fyller rommet med liv – og gjer smaksopplevinga til noko meir enn berre eit glas.
Ei festkveld for sansane – og ein hyllest til handverket, naturen og fellesskapet.
⭐️ MEDVERKANDE
Ingrid Sekse - Hardangerbonden
Eirik Lekve Eide - Hardanger saft- og siderfabrikk
Andreas Bratlie - perkusjon
Erlend Viken - hardingfele
Hanna Kallestad - fiolin
Ariane Alvestad - fiolin
Sonoko Miriam Welde - fiolin
Edvard Erdal - fiolin
Svante Henryson - cello
Song Circus - vokalgruppe
Anna Russnes - song
🎫 BILLETTINFORMASJON
Pris: 595 kr
Smaksprøvar inkludert
Aldergrense 18 år
📸 Elisabeth Emmerhoff
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Krossvoll Samfunnshus, Ullensvangvegen 918, 5781 Lofthus, Norge, Voss, Norway
Tickets