Vandreturne #1 – Lurås

Tue Jun 30 2026 at 08:00 pm to 09:00 pm UTC+02:00

Nordmellomgarden 118, 3650 Tinn Austbygd, Norge | Notodden

Sivert Holmen
Publisher/HostSivert Holmen
Vandreturne #1 \u2013 Lur\u00e5s
Advertisement
Vandreturne #1 – Lurås
Hilmin og Luråsen
Vandreturnéen på “På sporet av Hilme og Lurås” startar med konsert i tunet på garden Miljom-Luraas. Per Anders Buen Garnås er kveldens gjesteartist. Per Anders er ein unik slåtteformidlar – å høyre han spele er å høyre inn i eit rikhaldig tverrsnitt av kva tradisjonsspel kan vere – med musikalsk oversikt og overskot formidlar han tradisjonelt slåttespel på hardingfele.
Tema for konserten på Lurås er lenkja mellom Knut Lurås (1782-1843) og Jørn Hilme (1778-1854). Både Lurås og Hilme blir beskrive som vandrande spelemenn, dei gjekk langt, snappa opp nye låttar og forma sine tradisjonar. På eit tidspunkt møttest desse to og utveksla slåttar – ein ser fragment av dette møtet gjennom slåttetitlar som “Luråsen”, og gjennom felleslåttar i Tinn og Valdres. Konserten lar seg inspirere av møtet mellom Luråsen og Hilme, og Per Anders Buen Garnås og Sivert Holmen vil formidle låttar og historier knytt til dette.
Medarrangør er Lure Historielag, og dei held eit miniføredrag på starten av konserten. Det blir servert kaffi og noko å biteti. Konserten er utandørs.
Konserten markerer også starten på Sivert Holmen sin vandreturné i 2026 – turen startar i Lurås og Holmen går til fots til Fagernes i Nord-Aurdal, ei rute på over 20 mil, med åtte konsertar undervegs.
Vel møtt til Miljom-Lurås for ein konsert med historisk sus.
Konserten er 30. juni 20.00.
Vaksne: 200,- Ungdom (12-18)/student: 100,- Barn under 12 gratis.
Billettar kjøpast her: https://sivertholmen.ticketco.events/no/nb/e/vandreturne_1__luraas
Publikum inviterast også til vandring før konserten. Vandringa går frå Lurefoss og opp til Miljom-Lurås. Det blir guiding og musikalske innslag på turen, som vil gå i eit roleg tempo. Oppmøte for tur er 17.30 på Lurestogo (Lurefoss) Påmelding til [email protected]
Konserten er støtta av Kulturrådet
Advertisement

Event Venue

Nordmellomgarden 118, 3650 Tinn Austbygd, Norge, Luråsgrende 118, 3650 Tinn Austbygd, Norge, Notodden, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Notodden

Konsert i Skulehuset!
Tue, 30 Jun at 07:30 pm Konsert i Skulehuset!

Blikavegen 2, 3841

Seminar: Kampen om kunsten
Wed, 01 Jul at 01:00 pm Seminar: Kampen om kunsten

Kunstlåven i Seljord

Vandreturne #2 \u2013 Skirvedalen
Wed, 01 Jul at 07:00 pm Vandreturne #2 – Skirvedalen

Skirvedalen Fjellstue

Kurs i halmkrune med Mari Bryni
Thu, 02 Jul at 11:00 am Kurs i halmkrune med Mari Bryni

Kunstlåven i Seljord

\ud83c\udf40 Irsk sommerkveld med Tony Carey
Fri, 03 Jul at 08:00 pm 🍀 Irsk sommerkveld med Tony Carey

Ligrendvegen 71, Akkerhaugen, 3812 Gvarv, Norway

Vandringsmenn kjem til Kvitesied Brygge
Fri, 03 Jul at 09:00 pm Vandringsmenn kjem til Kvitesied Brygge

Kviteseidgata 38, 3830 Kviteseid, Norway

\u00c5kerarbeid med hest, koking og ysting av ost
Sat, 04 Jul at 12:00 pm Åkerarbeid med hest, koking og ysting av ost

Vest-Telemark Museum (Museumsvegen 9, Dalen)

Notodden is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Notodden Events