Advertisement
Er du ny i bygda, eller har du budd her ei stund og ynskjer å bli kjent med fleire?På Vaffeltreffet kan du slå av ein hyggeleg prat, møte både nye og kjente folk – og sjølvsagt få deg ein nysteikt vaffel. Fossberg serverer, og vi spanderer!
Om du vil kjøpe deg ein kopp kaffi eller te kan du gjere det i kaféen.
Vi arrangerer vaffeltreff kvar månad fram til sommaren, og fyrste treff for i år er torsdag 22.januar kl 11.30-12.30.
Møt opp i kafèen på Fossberg hotell - vi sjåast!
Kort om Vaffeltreffet:
Vaffeltreffet på Fossberg har vore arrangert av Lom kommune, meir eller mindre jamnleg sidan våren 2023. Målet er å skape ein lågterskel møtestad der ein kan stikke innom i lunsjtid og treffe andre i bygda. Her kjem både dei som har budd her lenge og dei som er heilt nye – og mange nye vennskap har oppstått over ein vaffel og kaffikopp. Det er ekstra stas at så mange kjem attende gong etter gong. No blir Vaffeltreffet arrangert i samarbeid med det interkommunale bulyst-prosjektet «Bli hjå oss i Ottadalen», saman med Skjåk og Vågå. Konseptet er det same som før – ein uformell møteplass med god stemning og varme vaflar.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Fossberg Hotell, Bergomsvegen 40,Lom, Norway, Dombås
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





